HØYR!

Åtvarar om tøffe år framover

13. januar 2023

Foto: Nortura/Yvonne Wilhelmsen

Prisauke kan i neste omgang ha påverknad på volum.

Nortura er midt i ein tung investeringsperiode. Effekten kjem for fullt først i 2025 og 2026. – Det betyr at det kjem tøffe år framover, åtvarar konsernsjefen.

Jane Brit Sande

– Me køyrer på, og følgjer planen, seier Anne Marit Panengstuen til Bondevennen. I førre veke var ho på møteturné i Rogaland.

Panengstuen fortel om god stemning blant bøndene.

– Dei er nøgde med kva Nortura har fått til. Men utfordringane er der, med høgare kostnadar, renter, energiprisar, ja, på alle innsatsfaktorar, seier ho.

Panengstuen opplever forståing frå produsentane for utfordringane som samvirket står i.

– Bøndene har dei same utfordringane som Nortura, med all kostnadsauken. Me er i gong med mange tiltak for brukbar økonomi i selskapet.

For to år sidan gjekk startskotet for industriutviklingsplanen.

– Me er midt i ein tung investeringsperiode no, og effekten kjem for fullt først i 2025 og 2026. Det betyr at det kjem tøffe år framover. Men me er godt førebudd, og har sett i gong mange tiltak for å kutta kostnadar, men også for å auke inntening, forklarar ho.

– Me har investert i IT-system og industristruktur, og har høge lån på dette. I tillegg kjem altså konstadsveksten på innsatsfaktorane.

Nortura sine kostnadsutfordingar råkar også produsentane.

– Me har allereie auka trekka som bonden betalar, og det kan hende me må ta ned servicenivået på noko, seier Panengstuen.

– Men eg trur me skal klare dette utan store konsekvensar for bonden, understrekar ho.

– Kan de ikkje sette opp prisane ut til butikkane?

– Det har me også gjort, og det aukar me innteninga på. Men det er ein balansegang. Prisauke kan i neste omgang ha påverknad på volum, seier Panengstuen.

2023 blir eit spanande år, seier ho.

– Per no er det ikkje noko som tyder på at krigen i Ukraina tar slutt. Det fører til varierande prisar på energi og andre innsatsfaktorar. Dette gir oss stor grad av uvisse på kostnadsnivået over ei viss tid.

Panengstuen ser at kostnadsveksten på mat kan påverke kva val forbrukarane tar i butikkane.

– Korleis vil dette råke våre produkt? Korleis vil forbrukaren prioritera? Me skal jobbe for at forbrukaren vel Gilde og Prior sine produkt, og at desse er i butikkane for å få kundane dit, seier ho.

Gilde tok marknadsdelar i 2022, i følgje konsernsjefen.

– Det er gledeleg. Det blir spanande å sjå om det varer, gitt kostnadspresset. Samstundes skal me tilby kostnadseffektive produkt som også butikkane tener pengar på, seier Panengstuen.

– Nortura skal vere konkurransedyktig, både blant bøndene og i marknaden. Hovudformålet vårt er å oppnå best mogleg resultat for bonden. Då må me ha god økonomi i selskapet og god kontakt med markanden.