BV-KOMMENTAR:

Berre gøy på landet?

15. august 2020

Berre gøy og glede?: Ansvaret er stort for dei som skal engasjera, informera og påverka på sosiale media framover, meiner kommentarforfattaren.

Eg har blitt influensa i koronatida. Etter å ha følgt Rogaland Bondelag på Facebook siste halve året byrjar eg å bli overtydd om at landbruk er einstydande med livslykke og gøy på landet. Dersom det er rett, må eg leggja vekk nær 40 års røynsle og erkjenna at eg verken har forstått Bondelaget si rolle eller bøndene sin kvardag.

Med ordet influensa siktar eg til det engelske ordet to influence som betyr å påverka. Låneordet er på full fart inn i det norske språket anten me likar det eller ikkje. Eg likar det ikkje.

Min kritikk mot Norges Bondelag generelt og Rogaland Bondelag spesielt, byrja å murra under topploket, som på ein eldre Fiat-traktor med dysefeil, etter at den gamle kornnek-logoen til Bondelaget vart fjerna med eit digitalt pennestrøk i april. Kornneket til Bondelaget har nå blitt noko som liknar på eit smijernsornament frå 1830, typisk plassert i ein kyrkjegardsport med defekte hengsler og vrang lås.

Enkelte av oss tenkte kan hende at Bondelaget heiv seg over logoutfordringa sidan dei hadde behov for alternative oppgåver i ei tid der planlegging av jordbruksforhandlingar og årsmøte vart utsett då regjeringa trykte på pauseknappen i mars. Nå har kreativiteten, med base i hovudstaden, gitt bøndene sin største og viktigaste interesseorganisasjon ein logo som for enkelte minner meir om ein siste kvilestad enn eit symbol konstruert for den digitale framtida, som Bondelaget argumenterer med.

Ein av organisasjonane som eg jamleg kikkar innom, er Rogaland Bondelag. Den nye tida har ført til at det er enklare å kikka på Rogaland Bondelag sine aktivitetar på Facebook enn å klikka seg inn på heimesida deira. Facebook er kjapt, trygt og billig, for å bruka eit slagord frå ei av matbutikkjedene våre.

Spørsmålet eg stiller etter denne våren og sommaren er om Bondelaget på Facebook er så kjapp og billig at det ikkje lenger er trygt. I staden for landbrukspolitiske saker og organisasjonsstoff, har eg fått underhaldning som har vore så gild at det har skurra mot mine førestillingar om kva Bondelaget er, og kva deira prioriterte oppgåver går ut på. Eg har mellom anna sett Bonde-tv, Våronntv, Slåtte-tv og Kuslepp-tv.

Sommarferien har gått føre seg i Norge dette året som følgje av koronautbrotet. Bondelaget har hive seg på og servert kulturlandskap inni raude rammer på Facebook. Det er ikkje måte på kva landbruket har å tilby vegfarande som vil stoppa opp og sjå seg om, anten det er i Hjelmeland eller på Moi. Droppar turisten innom, blir det servert grønt gras, beitande dyr og solbrune bønder med sunn kjernefamilie og amerikanske smil.

Glansbileta har vore mange, og folk og dyr har vist seg frå si aller beste side. Det er få grunnar til å vera kritisk mot glade smil og synet av kyr som mister bakkekontakt og jurfeste når dei blir slopne på beite. Alminnelege forbrukarar med null peiling på bøndene sin kvardag tykkjer nok også det er gildt å kikka innom.

Eg har gjennom Rogaland Bondelag si facebookside blitt bombardert med rein landbrukslukke det siste halve året. Men Bondelaget si velmeinande merkevarebygging er i ferd med å bli i meste laget.

Kva med Bondelaget sine politiske oppgåver? I sommar har Fri fagbevegelse og VG hatt ei sak om jordbærbonden som betalar dei polske bærplukkarane 43 kroner i timen, og dermed stiller heile næringa i vanry. Kor er Rogaland Bondelag sine kommentarar? Det står ikkje eit plukk på nettsidene til Norges Bondelag eller Rogaland Bondelag om dette. Berre ein haug med raude rammer.

Eg har spurt meg sjølv om gledespreiinga har same overlessing-effekten på andre, og om enkelte trugne kontingentbetalarar kanskje er i ferd med å ikkje kjenna seg heilt igjen i alle glansbileta og det store emoji-mangfaldet i kommentarfelta. Kan hende er me fleire som saknar ein klar og tydeleg bodskap til både storsamfunnet og det politiske miljøet formidla gjennom eit klart språk som byggjer sjølvrespekt og speglar samfunnsengasjement. Også på Facebook.

Kall meg gjerne for ein småsur grinebitar som ikkje har forstått nytta av influensing. Eg spør likevel om kva ein ønskjer å formidla og kven ein ønskjer å influensa. Omsyna er mange. Me har noko som heiter rekruttering i landbruket. Rundt om på gardane blir gjerne kvardagsliv og framtidsvoner sterkt knytt til om ei eller ein i den komande generasjonen signaliserer interesse for å ta over garden. Me vil at einkvan i barneflokken skal bli inspirert til å satsa på ei framtid som bonde. Då gjeld det om å fôra vedkomande med dei rette ingrediensane. Her høyrer glansbileta med, men berre som ein del av heilskapen.

Det er eit stort ansvar å skulla utdanna rekruttar til ei framtid som handlar om alt anna enn traktordans på plansiloen og kos med Dagros i solnedgangen. Det er mykje mogleg at ungdommane på garden følgjer det lokale bondelaget eller Rogaland Bondelag på Facebook. Då er det viktig å gjennom eit tydeleg språk vera kunnskapsbyggande førebilete for dei lettpåverkelege rekruttane som kjem tuslande etter oss. Bondelaget sine tillitsvalde og alle oss andre har eit ansvar for å vekkja engasjement for landbrukspolitikk og organisasjonsarbeid på grunnplanet. Vidare skal me gi eit reelt bilete over kva det vil seia å vera sjølvstendig næringsdrivande i ein bransje som kan vera einsam, svært arbeidskrevjande og økonomisk usikker.

Samstundes med at eg har gleda meg og grubla over fargerike og glade bønder på Facebook, har eg gjort eit lite djupdykk inn i eit av Norges Bondelag sine lokallag som rundar 100 år omtrent på denne tida. Det har vore ei reise i lag med fleire generasjonar bønder med eit sterkt landbrukspolitisk engasjement, stor fagleg interesse og eit kunnskapsnivå som imponerer.

Det som kanskje er mest iaugefallande når hundreåret skal summerast, kan illustrerast med symbolikken i det gamle bondelag-kornneket (kalla eit bonne på Jæren). Bonne med alle aksa er knytte saman med ein bendel. Medlemmane i lokallaget har stått saman om tjukt og tynt opp gjennom desse hundre åra. Strukturendringane og teknologiutviklinga dei siste 20 åra har ført til slakkare bendel og færre aks. Bonnå har blitt monaleg slanka medan det er eit fåtal som i dag veit korleis ein knyt ein bendel.

Bonne og bendel er ut. Bondelaget sin logo har blitt digital. Sosiale media har blitt den nye møteplassen. Ansvaret er stort for dei som skal engasjera, informera og influensa framover.

Eg vil gjennom Rogaland Bondelag på Facebook bli oppdatert og forstå at landbruk er meir enn gøy på landet.

Sjur Håland