MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Bier + blomster = mat?

7. desember 2018 | Dessutan

Foto: Istock

I juni fekk landet ein Nasjonal Pollinatorstrategi, signert av heile åtte ministrar. Det er ikkje eit tiltak knytt til Ernas lovnad om høgare fødselstal, men til at insekt trengst til pollinering av ville og dyrka planter. Formålet er «å sikre fortsatt mangfald av villbier og andre pollinerande insekt».

Det er ei omfattande uro knytt til «bidøden » i USA, rapportar om at insekta er færre og – i siste og kanskje første instans – at matvareproduksjonen er i fare. I Maja Lundes suksessroman Bienes historie møter vi eit Kina som har gjennomlevd ein hunger av unemneleg omfang etter bienes bortgang. Slagord som «Ingen bier – ingen mat» har òg skapt mykje engasjement. Ei meir moderat misoppfatning er at vi bør takke biene for «kvar tredje munnfull». Ingen av delane stemmer – heldigvis.

La meg først (som gamal birøktar) seie at om uroa for biene fører til fleire birøktarar og blomsterenger, er det veldig bra – berre det skjer av naturglede og fordi pollinering, vill som tam, trengst. Og det skulle vera rom for langt meir honning enn dei fattige 1,6 millionar tonna som tambier haustar i dag – på verdsbasis.

Nasjonal Pollinatorstrategi har henta tal frå det internasjonale Naturpanelet sin rapport om emnet (IPBES 2016).

  • Først (side 9) peiker den på at «globalt er nesten 90 prosent av blomeplanter heilt eller delvis avhengige av dyrepollinering.»
  • Men på side 10 kjem paradokset: «Naturpanelet reknar at 5 – 8 prosent av den globale jordbruksproduksjonen er avhengig av pollinatorar».

Kvifor spriker tala så mykje?
Fordi menneska i stor grad har henta maten frå vekstar som ikkje avheng av insekt! For å skjøne det må vi ta ein liten omveg, for dette har fleire grunnar.

Når bønder – frå steinalderen til planteforedlarar i dag – finn ei framifrå plante, vil dei gjerne formeire henne slik ho er. Det enklaste viset er med stiklingar, knollar eller poding, dvs. vegetativt. Ein kvist kan bli millionar av tre.
Straks det skal bestøving til, kan nemleg avkomet bli ei annleis plante enn den vi ville bevare. Det kan vi unngå om planta bestøvar seg sjølv. Då blir òg resultatet stabilt (rett nok etter litt tid). Eitt frø kan bli milliardar. Mange ville planter har vald denne formeiringsmåten, og endå fleire dyrka. Det er når planta driv kryssbestøving, med vind eller insekt, at avkoma oftast blir annleis enn dei vi ville ha.

Det er difor ikkje så rart at folk har vald ut kulturplanter som går å formeire vegetativt eller som driv sjølvbestøving. Vekstar som før var krysspollinerte, er det ikkje lenger. Vakre erteblomster, ein gong skapte for insekt, er bestøva før vi ser kronblada. Færre vekstar er fullt krysspollinerte, som vindbestøva timotei eller humlepollinert kløver, og her finst alle gradar. Mange klarar seg utan insekt (eller vind), men har likevel nytte av dei, som tomat. Mekanisk risting kan pollinere i stilleståande veksthusluft, men humler gjev klar avlingsvinst. Motsett er bier uvelkomne i appelsinar, for då får fruktene fleire steinar (frø).

Den tredje grunnen til mindre insektbestøving i dei store kulturvekstane er fordi dei er flytta og dyrka verda rundt. Dei som avheng sterkt av lokale insekt, er blitt verande heime. Kroneksempelet er vill fiken og fikenveps, som avheng heilt av kvarandre og dessutan av han- og hotre. Alt i det aller første jordbruket, for 11 000 år sidan, finn vi fiken frå dyrka, ubestøva og truleg stiklingformerte ho-tre.

Dermed kan vi skjøne kvifor insekta spelar ei mindre rolle i dyrka vekstar. Men kor stor er den rolla, i prosent? Her er tala ofte forvirrande. Somme reknar prosent av alle artane, andre prosent av produksjonen. Desse tala blir ofte blanda saman. Vi må først ta med alle artar som blir mat, direkte til oss eller til fôr. Så må vi dele dei inn etter formeiringsmåten. Kva artar er heilt uavhengige av insekt, det vil seie vegetative eller sjølvbefrukta? Kva artar er vind- eller insektpollinerte? Til siste må vi rekne ut i kor stor grad avlinga avheng av insekt.

Når Naturpanelet skriv at 75 prosent av «leiande matvekstar» avheng av insekt, reknar dei berre med dei vi et som frø! Knoll- og rotvekstar er ikkje med, heller ikkje fôr- og sukkervekstar, bladgrønsaker, sjølvbefruktande, vindbestøva eller ubefrukta (som appelsin). Så dette er misvisande.

Ein litt eldre artikkel (Ellers m.fl., 2011) reknar i staden med dei 150 «leiande» matplanteartane i FAO* sin store database, altså i produsert avlingsmengd (grasartane er ikkje med). Dei kjem til at kring 80 prosent av alt karbohydrat og protein frå planter er frå vekstar som er heilt uavhengige av insekt. Resten varierer frå å ha litt nytte av insekt (fem-ti prosent meir avling) til å vera 100 prosent avhengige. Reknar ein slik, kjem dei fram til kring fem prosent nedgang i produksjonen av dei 150 matvekstene – som er viktig nok!
Særleg har oljevekstane nytte av insekt: raps og solsikke i stor grad. Soya i liten grad. Palmeolje, jordnøtt og oliven ingen. Utan insekt ville vi få knapt med feittløyselege vitamin som A, C og E. Mange frukt-, bær-, grønsak- og kryddervekstar treng også insekt – men òg med talrike unntak, som druer.
Konklusjonen er at utan insekt får vi ein langt mindre variert, smak- og næringsrik meny, men langt frå «ingen bier, ingen mat».

Men frøproduksjonen er noko meir utsett. Kløver og luserne går begge til fôr, men er heilt avhengige av insekt. I liten skala – som ved kryssing i planteforedling – kan ein halde humlebol eller små kubar i veksthusa, eller handpollinere. I større skala er moglege tiltak utval av foreldreplanter med meir nektar, meir sjølvfertilitet, sparsam bruk av frø eller handpollinering, som i dyre hybridfrø i tomat.

Nasjonal Pollinatorstrategi set våre viktige, små samarbeidspartnarar på dagsorden. Det viktige sektorsamarbeidet mellom dei åtte ministrane som skreiv under, blir også aktualisert. I Telemark, til dømes, har vegvesenets kantpussing kombinert med sandstrøing om vinteren ført til gode tider for marihand-artar, inkludert fylkesblomsten systermarihand. Meir av slikt!

* FN sin organisasjon for ernæring og landbruk

Åsmund Bjørnstad
Professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.