HØYR!

Blir matt av sutringa

8. desember 2023

Om du ikkje nyttar deg av moglegheita som følgjer i kjølvatnet av auka forholdstal, har du det for godt.

Auke i forholdstalet er ikkje umogleg, men eit opplagd høve til å henta ut meir inntekt i mjølkeproduksjonen, seier Anders Braut Ueland.

Sjur Håland

– Det høvet bør me omfamna. Meir mjølk betyr meir inntekt, seier han.

Bonden frå Vigrestad i Hå kommune reagerer på det han omtalar som negative bønder som i avisartiklar og i nettforum held fram at det ikkje er aktuelt å auka produksjonen på deira gard sjølv om forholdstalet aukar frå 0,99 til 1,02 frå nyttår.

– Me bønder er næringsdrivande og må driva garden som ei verksemd der målet er å henta ut så høg inntekt som mogleg. Om du ikkje nyttar deg av moglegheita som følgjer i kjølvatnet av auka forholdstal, har du det for godt. Det er kanskje på tide å sjå på tilskotsordningane dersom folk har det så godt at dei ikkje treng å gripa inntektsmoglegheitene som dukkar opp.

Under intervjuvet høyrest lydar frå ein trykkluftskompressor i bakgrunnen. Braut Ueland er i ferd med å bygga om båsar i den eldre delen av fjøset til fôringsliggebåsar til gjeldkyr. I robotfjøset mjølkar han ein kvote på kring 370.000 liter. Neste år kan han mjølka 7.400 liter meir.

– Eg kjem til å gi gass og produsera så mykje eg får for å ta ut inntektspotensialet. Det gjer eg og mine kollegaer i området kvart år. Me ser moglegheiter, ikkje avgrensingar.

Han seier han blir oppgitt av å lesa kommentarfelta på nettet som han meiner speglar passivitet blant mjølkeprodusentane.

– Eg blir heilt matt av sutringa og negativiteten som finst i delar av næringa – og i delar av landet. Heldigvis er det lite av slikt i regionen og fylket eg høyrer til i.

Bonden understrekar at ønskje om høgare betaling for mjølka, gjeld alle mjølkeprodusentane.

– Eg ville gjerne hatt større delar av inntekta mi frå marknaden i staden for gjennom «trygdeutbetalinga» me får frå styresmaktene kvar februar. Når situasjonen er som den er, må me sjølvsagt nytta inntektsmulegheitene når dei kjem. Det skulle berre mangle.

Dersom bøndene ikkje produserer mjølka meieria treng, bli gapet fylt med meir import, minner han om. Dersom folk ikkje vil fylla opp neste års kvoter på gardane sine, er beskjeden klar.

– Då må me som verkeleg vil, få produsera mjølka og tena desse pengane.

– Det er kanskje ikkje så lett å auke for bønder som har snautt med grovfôr i vinter?

– Så lenge rekneskapen går i pluss, ville eg kjøpt grovfôr og gitt ekstra kraftfôr. Å kutta produksjonen eller ikkje ta del i produksjonsauke er det siste du må gjera, meiner eg.