HØYR!

– Blir vanskeleg å nå inntektsmålet

25. august 2023

Det er spinngale at kjøt blir importert, medan me frys ned vårt eige.

Nortura-bonde Jim Arild Håvarstein tapar mykje når samvirket set ned prisen på storfekjøt.

Bothild Å. Nordsletten

Jim Arild Håvarstein driv med storfe, sau og kylling på Rennesøy i Stavanger kommune. Heldigvis, innser han.

– Hadde eg berre hatt ammekyr, hadde eg sett mørkt på det nå, seier han og viser til Nortura si avgjerd i førre veke om å ta ned prisen på storfekjøt med fire kroner kiloet, for å takla dårlegare sal.

– Det første eg tenkte då eg høyrte det, var at det jammen var godt eg hadde telt dyra i førre veke. Det er eit dårleg teikn, dette.

Han trur ikkje det vert fleire ammekubønder med ei prisutvikling som dette.

– Heller færre. Mange reagerer.

– Korleis påverkar prisnedgangen deg?

– Eg får eit monaleg økonomisk tap. Det var jo så mykje dei gjekk ned, òg. Elles påverkar det meg ikkje så veldig, faktisk, fordi eg har nytt bygg. Eg har ikkje noko val enn å halda det gåande. Hadde eg vore i ein situasjon der eg vurderte å bygga på, hadde eg ikkje kunna gjera det. Så eg blir iallfall ikkje større.

Håvarstein er overtydd om at prisnedgangen vil påverka næringa negativt.

– For dei med gamle fjøs blir det nok lettare å slutta på grunn av dette. Mange gir seg alt. Prisane på alt anna stig jo også, medan prisen me får for produkta våre går ned. Det blir heilt feil. Det skal bli vanskeleg å nå inntektsmålet. Dette går nok også utover dei som vurderer å overta, eller å investera.

– Det har blitt satsa hardt på ammeku dei siste åra. For hardt?

– Kanskje, det. Då eg bygde i 2016 fekk eg mykje støtte av Innovasjon Norge. Nå får du null. Eg hadde aldri bygd om eg ikkje fekk dei pengane. Og nå går det ikkje an.

Håvarstein tykkjer det er skremmande at folk ikkje et så mykje kjøt lengre.

– Det er noko som skjer med salet, her. Det er ikkje normalt. Og all skrivinga om at kua forureinar, det påverkar folk. Særleg barn.

Trass i bakteppet kjenner ikkje Rennesøy- bonden at utviklinga går utover motivasjonen.

– Ikkje så veldig, nei. Eg sel ein del livdyr, sjølv om den marknaden nok blir mindre, ettersom ein del kjem til å slutta.

Han har ei viss forståing for Nortura sitt grep, men ville gjort ting annleis.

– Eg trur Nortura må gjera som dei gjer. Det er sikkert lettast å setja ned prisen. Og det er ein grunn til det. Dei får ikkje vekk kjøtet. Men fire kroner er mykje. Prisen i butikken skulle også gått ned – då hadde nok salet auka. Eller ein kunne sett ned prisen med to kroner til oss bønder, og to kroner til forbrukarane. Fordelt byrden. Og så er det jo spinngale at kjøt blir importert, medan me frys ned vårt eige.