HØYR!

Bondelagsstyre utan rogalendingar

Det er ikkje så mange å velje mellom lenger

– Litt bekymra er eg nok, seier Bjarne A. Undheim, som gjerne ville hatt fleire tillitsvalde frå Rogaland på toppen og enda fleire på veg oppover.

Sjur Håland

Årsmøtet i Norges Bondelag er rett rundt hjørnet. Samsvarer valkomiteens innstilling med valresultatet etter årsmøtet, blir det ingen tillitsvalde representantar frå Rogaland det komande året.

– Me treng å gå litt i oss sjølv og spørja om me gjer dei me har i rekkene gode nok. Tillitsvalde på alle nivå treng å få mykje rausheit i lærefasen og god ryggdekking undervegs, seier Undheim.

Bonden frå Undheim i Time kommune, leia Rogaland Bondelag frå 1999-2002, før han gjekk heilt til topps og var leiar i Norges Bondelag i seks år, frå 2002-2008.

– Er det eit sjukdomsteikn at rogalendingane nå glimrar med sitt fråvær?

– Nja. Talet på tillitsvalde vil variera over tid. I enkelte periodar har fylket vore sterkt representert både i Bondelaget og i samvirkeorganisasjonane sentralt.

– Rogaland er eit stort matfylke. Bør ikkje kjøtvekta speglast?

– Absolutt. Men denne utfordringa kviler mest på oss her i fylket. Ha i mente at Bondelaget ser at det er nyttig med representasjon frå heile landet, men det er umogleg å dekka alle fylka til ei kvar tid. Blir fråværsperioden meir langvarig, må noko gjerast, meiner han.

– Då blir det naudsynt å på alvor ta diskusjonen om korleis me bygger opp og hjelper komande tillitsvalde fram til det sentrale styrebordet.

– Er rekrutteringa på botnlina god nok?

– Ja, det trur eg. Men før konserndanninga av samvirkeorganisasjonane, var det fleire arenaer å engasjera seg i. Fleire vart rekrutterte og engasjerte. Nå har det heile smalna litt inn. Talet på bønder har blitt færre. Det er ikkje så mange å velje mellom lenger.

– Kva svarar du om eg påstår at å ta eit tillitsverv rundt om i lokallaga i ferd med å bli eit halvhjarta pliktløp?

– Om det skulle vera noko i den påstanden, trur eg ikkje det er noko særskilt fenomen for Rogaland.

Undheim strekar under at det er gode moglegheiter for å påverka også frå fylkesnivået. Han meiner at Rogaland Bondelag si rolle er betydeleg.

– Det handlar om å spela korta rett og bygga alliansar med andre fylke. Det er utruleg kva ein kan få gjennom på denne måten. Men for å få resultat og fleirtal i Oslo, må du vera viljug til å både gje og ta i forhandlingar, seier han.

– Du er framleis tillitsvald og godt synleg i lokalpolitikken. Kva får du att for strevet?

– Ein stor ryggsekk med opplevingar som eg ikkje ville vore forutan.