HØYR!

– Bonden jobbar ikkje 24/7

3. november 2023

Det ligg ikkje i vår natur å skriva timar for kva me held på med.

Bønders påstand om å jobba døgnet rundt, gir eit inntrykk av at dei har eit omtrentleg forhold til tal, åtvarar leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Bothild Å. Nordsletten

– Me har lagt ned enormt mykje arbeid i å få fram ein rett måte å rekna vederlag til arbeid på, finna nøyaktig kva avkastningskrav me skal ha, og kor stor eigenkapitalen skal vera, slår Ståle Hustoft fast.

– Ser du reknestykket som ein brøk, står vederlag til arbeid øvst og tal årsverk under. Me har lagt all vår energi i å få rett talgrunnlag over streken, men nøkkelen er kor mange årsverk me deler det på. Du kan setja kva tal som helst der og få ut den løna du berre vil.

Eit korrekt tal krev meir presisjon, hevdar bondelagsleiaren. Ei sterk førestilling om den hardtarbeidande bonden er ikkje nok. Ei heller påstanden om at bøndene spring beina av seg døgnet rundt, slik ein gjerne kan få inntrykket av på bondemøte og i media.

– Eg kjenner ingen bønder som jobbar 24/7, seier Hustoft.

Ei heller han sjølv jobbar døgnet rundt, forsikrar han.

– Å seia at du jobbar 24/7 er openbart ei slåsa. Det er ikkje eit dokumenterbart tal. Ingen andre arbeidsgrupper snakkar på same måte.

Hustoft åtvarar mot å gjenta påstanden. For overdriven arbeidsmengd har konsekvensar for prosessen fram mot eit nytt inntektsgrunnlag på rette tal, meiner han.

– Om for mange bønder seier at dei jobbar døgnet rundt, så er det fort gjort at folk utanfor næringa oppfattar at me har eit omtrentleg forhold til tal.

Hustoft etterlyser ein målemetode som står seg når bøndene skal forsvara årsverkutrekninga si.

– Ein metode det ikkje kan stillast spørsmål ved fordi den er grundig dokumentert. Kan me ikkje dokumentera det sjølv, stiller politikarane spørsmål ved det, og kan enkelt legga inn eit ekstra effektivitetskrav til oss.

Bondelagsleiaren stiller ingen spørsmål ved at bonden er hardtarbeidande og belasta med døgnvakt.

– Men om me jobbar 3,4 årsverk, eller 4231 timar, må me finna ein nøkkel også for den sovande nattevakta, som me kan stå for. Metoden finst i andre yrke, men ikkje i landbruket.

Hustoft viser til bønder som blir trekte ut til å delta i landbruksteljinga og som kanskje helst skulle sloppe.

– Det er nok ikkje alle som legg samvitet og sjela si i å melda inn årsverk, her. Me er sjølvstendig næringsdrivande. Det ligg ikkje i vår natur å skriva timar for kva me held på med.

– Tid er pengar. Du er ikkje redd for å svekka argumentasjonen for betre inntekt, då?

– Nei. Fordi eg trur me står oss mykje betre på om politikarane ikkje får høve til å stilla spørsmål ved tala våre.