HØYR!

– Bør vera førebudd på alt

mai 8, 2020

Foto: Privat

I 2018 var det ikkje noko i slutten av april som tyda på at det skulle bli ein tørkesommar

Internasjonale forskarar åtvarar om ein ny tørkesommar. Klimaforskar Reidun Gangstø Skaland vil ikkje sjå i krystallkula og spå vêret for kommande vekstsesong.

Jane Brit Sande

Ein varm og tørr vår gjer at forskarar fryktar at 2020 vil by på nok ein knusktørr vekstsesong, viss varmen og tørken fortsetter. The US National Oceanic and Atmospheric Administration reknar 75 prosent sjanse for ny varmerekord i 2020, medan britiske Met Office er meir varsame og anslår 50 prosent sjanse, i følgje avisa The Guardian. Kva kan me vente oss her i Norge?

– Korleis det blir framover veit me ikkje per i dag, verken for Norge eller resten av Europa. I delar av Europa har det vore tørt og varmt så langt, og dermed er risikoen ekstra stor dersom desse forholda held fram. Men om dei fortsett, veit me altså ikkje, seier Reidun Gangstø Skaland.

Ho er forskar i klimatenesteavdelinga ved Meteorologisk institutt.

– Om det utviklar seg til å bli ein ny tørkesommar, avhenger altså av om det fortsett å vera tørt og varmt framover mot sommaren. Vêret varierer svært mykje i våre område, så det er vanskeleg å varsle dette meir enn ti dagar fram i tid, seier Gangstø Skaland.

– I 2018 var det ikkje noko i slutten av april som tyda på at det skulle bli ein tørkesommar. Helst bør ein vere førebudd på alt, seier ho.

Korleis kan bønder førebu seg til ein vekstsesong som kan by på «alt»? I fjor var Gangstø Skaland med i ei prosjektgruppe som blant anna såg på erfaringar med kornproduksjon i Telemark og Vestfold, både under den våte 2017-sommaren og den tørre 2018-sommaren.

– Nokre av tiltaka som vart konkludert med i prosjektet var å ta vare på og styrke jorda, spreie og redusere risiko og å gjere riktig jobb til riktig tid, seier Gangstø Skaland.

Fleire bønder i prosjektet erfarte at det ikkje ville vere lønsamt å vatne kornet. For at det skulle vere lønsamt, måtte ein i det minste ha vatningsutstyr liggande, og lett tilgang på vatn av passeleg mengd og kvalitet, og utan store kostnadar og utslepp knytt til dieseldriven pumpe.

– Nokre produsentar var opptekne av at i plassen for å vatne, kunne ein heller nytta nye vekstar, dekkvekstar, fangvekstar, andre kornartar og frøsortar og betra jordstruktur for å utstyre jorda mot tørke, seier Gangstø Skaland.

Mange kornprodusentar gjekk for meir langsiktige strategiar som å bygga jord, nytta vekstskifte med eng og belgvekstar, direktesåing, fornya drenering, dyrka meir oljevekstar, og å selja til ein spesialisert marknad som gjer det mogleg å ta ut ein høgare marknadspris og gjere større investeringar.

– Ein ny tørkesommar som den i 2018 vil kunne gje ei redusert avling slik den gjorde då, men erfaringa frå 2018 viser også at mange synest det var enklare å få god kvalitet på kornet i 2018 enn i 2017, då det var veldig vått, seier Gangstø Skaland.

Share This