HØYR!

– Bra at Tine er på ballen

10. februar 2019

Foto: Privat

Det ser ut til at vegetar-marknaden er i vekst. Då er det betre at desse produkta er frå norske aktørar, enn frå utanlandske.

– Heilt naturleg at me må utvikle produkt som marknaden etterspør, seier mjølkeprodusent Anders Ueland om Tine si vegetar-satsing.

Jane Brit Sande

Tine lanserer ein serie med tre kjøtfrie alternativ til hamburgar, kjøtbollar og kjøtdeig. Alle produkta består av 66 prosent grønsaker og 30 prosent lettost. Serien har fått namnet Tine VGTR, og er i butikk frå veke åtte.

– Når det først er ein marknad for fleire vegetariske produkt, er det berre tull at Tine ikkje skal vere med, seier Ueland.

– Tine skal jobbe for inntening for bonden. Dei er og skal vera innovative på mjølkeprodukta for å halde oppe mjølkevolumet. Men då er det er også heilt naturleg at me må utvikle produkt som marknaden etterspør.

Bonden frå Vigrestad meiner nisjeprodukt, som til dømes Sunniva-juicen, bidreg til å bygge opp merkevaren Tine.

– Me bønder tener pengar når Tine tener pengar. Denne serien med vegetariske produkt er eit nisjeprodukt. Det vil aldri vere eit hovudprodukt. Vonleg vil det bidra til at me tener meir pengar på botnlinja, seier Ueland.

Trass i at han er positiv til nysatsinga frå Tine, er han ikkje vidare begeistra for korleis marknaden for produkta er skapt.

– Trendane i samfunnet er del av eit større bilete. I klimadebatten ser me at landbruket får skulda for problema. Det aukande dyrevernsfokuset blir stadig fjernare frå røynda. Dette er utfordrande, seier Ueland.

Han etterlyser eit meir realistisk bilete av norsk matproduksjon ut til forbrukaren.

– Me må vise forbrukarane dei praktiske situasjonane. Korleis matproduksjon faktisk fungerer. Me må vise at me driv godt og at dyra våre har det godt. Dei med sterkast motførestillingar til husdyrproduksjon, er folk som har ingen eller svært dårleg kjennskap til husdyrhald, seier Ueland.

– Er det rom for fleire vegetarprodukt i marknaden?

– Det ser ut til at vegetar-marknaden er i vekst. Då er det betre at desse produkta er frå norske aktørar, enn frå utanlandske. Eg synest det er bra at Tine er på ballen.

Ueland trur produkta har ein god sjanse i butikkhyllene.

– Tine er ei sterk merkevare, så eg trur dette vil bli godt motteke. Nokre vil sjølvsagt vere negative, både blant bønder og forbrukarar. Hadde me berre lytta til kritikarane, hadde utvalet frå Tine vore avgrensa til kvitost, heilmjølk og smør. Det er ingen tent med.