HØYR!

– Det blir ingen revolusjon

Vi treng tydelegare leiing i krevjande tider

– Nortura si største utfordring framover er å vere godt nok til stades i alle kjedene og tene pengar på sal, seier Trine Hasvang Vaag.

Liv Kristin Sola

– Å be konsernsjefen om å gå løyser ikkje Nortura sine problem, seier Hasvang Vaag, og viser til Arne Kristian Kolberg sin avgang i førre veke.

– Styret har gjort dette fordi vi meiner det var naudsynt. Vi treng tydelegare leiing i krevjande tider og må gjere nokre grep. Nortura skal vere bonden sitt selskap også i framtida.

– Det er ikkje første gong styret sparkar sjefen. Vert det litt lettvindt?

– Enten har vi tillit til at konsernsjefen driver godt og leverer resultat, eller så har vi det ikkje. Tillit er enten eller. Dette er ingen kvikk-fiks.

– Kva eigenskaper ser de etter i ein ny leiar?

– Tidleg å seie. Vi har satt ned eit tilsettingsutval i styret som skal førebu dette for styret, med tanke på kva byrå som skal nyttast og kva eigenskapar vi leitar etter.

– Kva er planen no?

– Vi er godt i gang med å gjennomføre ein strategi. Vi må auke salet og inntektene for å klare å levere til bonden, rett og slett. Samstundes må vi klare å trimme selskapet med tanke på bemanning og kva for oppgåver som skal prioriterast framover. Med så små marginar som vi har i kjøttbransjen vert innsparingane raskt spist opp av kravet om å levere maten enda billegare. Vi må møte konkurransen, med å vere den mest konkurransedyktige aktøren.

Styreleiaren stadfestar at jobben mot kjedene, ikkje minst COOP, skal intensiverast.

– Det er viktig for den norske bonden å vere godt til stades i alle tre kjedene. Samstundes jobbar vi mot alternative salskanalar som nettbutikk, proffmarknaden, medlemsbutikkar og frosenmatkjeden Iceland.

– Kan dette påverke Nortura sin relasjon til kjedene?

– For fem år sidan – ja, men i dag er det aksept for å utnytte dei salskanalane som finst. Det gjer også kjedene sjølve.

– Styret ditt – er det breitt nok samansett til å forstå marknaden og sjå handlingsrommet?

– Eg er ikkje uroa over det. At ein er bonde, betyr ikkje at vi ikkje har anna kompetanse. Styret mitt er sett saman av svært ulike menneske, både som typar og kompetanse.

– Tenker styremedlemmane for likt?

– Nei, tvert om. Valkomiteen har gjort ein bra jobb. Eg meiner at ei sterk forankring i landbruket, i tillegg til anna kompetanse, er viktig.

– Vil eigarane merke endringar i selskapet?

– Resultata som er levert frå andre tertial 2017 fram til no, er for dårleg. Det må få følger. Vi har lagt ein plan for å endre på det, og er utolmodige i påvente av resultat. Det blir ingen revolusjon, men vi må sjå resultat litt fram i løypa.