HØYR!

– Det er heilt ekstraordinært

6. september 2022 | Dessutan

Foto: Nortura

Viss det ikkje kjem tiltak, kan me i Nortura vere nøydde til å ta grep som kan få store konsekvensar.

Nortura sine straumkostnadar går i taket. No justerer dei opp slaktetrekket. – Dette sit langt inne, seier organisasjonsleiar i Agro og Vest, Arne Undheim.

Jane Brit Sande

Straumprisane råkar næringslivet hardt. Nortura har sett seg nøydde til å justera opp slaktetrekket for å dekka inn noko av kostnadsauken knytt til sjølve slaktinga.

– Dette sit langt inne for Nortura, seier Arne Undheim.

Kostnadsauken i resten av verdikjeda vil i all hovudsak tas ut i marknaden, melder slakterisamvirket. Slaktekostnadane blir vanlegvis justert to gonger i året: 1. januar og 1. juli.

– Det er heilt ekstraordinært at me tar dette grepet mellom desse datoane, seier Undheim.

Straumkostnadane går i taket for slakterisamvirket.

– I 2021 var dei på 150 millionar kroner, og det var allereie ein auke frå 2020. Per i dag er estimatet at straumkostnadane endar på omtrent ein halv milliard kroner i 2022, seier Undheim.

Produksjonen på slakteria er energikrevjande.

– Det er gjort mange tiltak for å effektivisera straum- og energiutnyttinga. Men i sum utgjer det ikkje i nærleiken av kostnadsauken me har no, seier Undheim.

Det ekstra slaktetrekket er midlertidig, understrekar han.

– Dersom styresmaktene kjem på plass med ei støtteordning, noko Nortura jobbar hardt for å få til, vil me redusera trekket igjen.

Undheim erkjenner at oppjusteringa av slaktetrekket kjem på eit dårleg tidspunkt for bøndene.

– Me fekk ei auke i PGE no i andre halvår, men straumprisane har stige sidan nyttår. Det kom straumstøtteordning til bøndene i vår, men mange bønder har eit straumforbruk som går over taket som er sett i avtalen. No kjem dette ekstra slaktetrekket i tillegg. Eigarane har ikkje mykje å gå på, seier han.

Undheim trur tiltaket vil senda eit tydeleg signal til politikarane.

– Spørsmålet er kor lenge regjeringa kan utgreia situasjonen før tiltak kjem på plass. Viss det ikkje kjem tiltak, kan me i Nortura vere nøydde til å ta grep som kan få store konsekvensar. Reduksjon av produksjon og aktivitet, auka matvareprisar og kutt i industrien, for å nemne nokon, seier han.

Han har ei klar melding til styresmaktene:

– Det må settast i verk tiltak som treffer, og som er konkurranseutjamnande. Ei ordning må vere justerbar. Prisane aukar framleis, og alt tyder på at det ikkje vil bli lettare utover hausten og vinteren, seier Undheim.