HØYR!

– Det er no korta blir lagt

15. januar 2021

Me har ikkje profittert på annan måte enn ein marknad i balanse

Studiearbeid i lokallaga er så vidt i gang før årets jordbruksoppgjer, men i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag veit dei alt kva dei skal spela inn: 50.000 kroner i inntektsauke.

Jane Brit Sande

Ved inngangen til det nye året går startskotet for arbeidet mot jordbruksforhandlingane,. Studiearbeid i lokallag og fylkeslag avgjer kva bøndene vil spela inn til dei sentrale styra sitt arbeid med jordbrukskravet. Rogaland Bonde- og Småbrukarlag er allereie klare med eit av sine krav: Auke årsinntekta med 50 000 kroner for alle bønder, pluss kostnadsdekking.

– Det rår ei inntektsfrustrasjon hjå bøndene, og alle treng inntektsvekst. Dette vil me kanalisera inn til sentralstyra no. Det er no korta blir lagt for vårens jordbruksforhandlingar, seier Stig Arild Helgesen, leiar i fylkeslaget.

Økonomien i landbruket har over fleire år blitt stadig svekka. Inntekta til den norske bonden ligg langt under andre grupper, i følgje Helgesen.

– Bønder med såkalla små- og mellomstore bruk har kjent på denne nedgangen i fleire år. Nå merkast det også for bønder med større bruk. Me ser også at rekneskapslag går ut og åtvarar mot utviklinga, seier han.

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag fryktar ringverknadane av dårleg økonomi i næringa.

– Landbruket, totalt sett, står framføre store utfordringar i åra som kjem, seier Helgesen.

Han ramsar blant anna opp: lausdriftskrav, klima, marknadsbalanse, og jordvern. Utan ei kraftig inntektsvekst for bøndene så vil landbruket vere ute av stand til å handtera desse utfordringane, i følgje fylkesleiaren.

– Me kan ikkje fortsetta å leva med ein økonomi der bonden må henta si inntekt utanom bruket for å finansiera naudsynt vedlikehald og investeringar i drifta, slår han fast.

Den dårlege økonomien har negativ påverknad på rekrutteringa til næringa.

– Både eg og mine bondenaboar må ha inntekt i tillegg til garden. Det er klart at neste generasjon ikkje er interessert i å halda på slik, seier Helgesen.

Velferdsstaten syter for utdanning, og høve til å tena betre i andre yrke.

– Vel dei landbruket, slik det er på veg no, må dei jobbe dobbelt så mykje for halvparten av lønna, seier Helgesen.

I fjor gjekk landbruket sine organisasjonar med på eit forenkla jordbruksoppgjer. Helgesen meiner at landbruket har fått for lite att for velviljen.

– Me har ikkje profittert på annan måte enn ein marknad i balanse, seier han. Fylkesleiaren er spent på årets jordbruksforhandlingar.

Han vonar landbruket vil la seg inspirere av andre grupper:

– Dei har ikkje halde att, og gått i streik med tydelege krav om høgare løn. Me må ha ei reell inntektsvekst. «På papiret»-pengane som me har fått tidlegare genererer ikkje faktisk inntekt, seier Helgesen.