HØYR!

– Det handlar om identitet

4. mai 2020

– Me er ikkje interessert i å vera ein utgått brokkoli, seier 2. nestleiar i Bondelaget Frøydis Haugen om reaksjonane mot den gamle kornnek-logoen – som no er kraftig modernisert.

Bothild Å. Nordsletten

Kryssande togspor? Herpa høygaflar? Eller eit gotisk vindauge? Assosiasjonane er mange etter at Noregs Bondelag nyleg skifta ut den hundre år gamle kornnek-logoen med…tja, sei det.

– Først tenkte eg noko gotisk, ein pavehatt, seier Frøydis Haugen, og ler.

– Så har logoen vakse på meg. Eg var svært skeptisk i første omgang, men har fått den litt meir under huda. Tykkjer denne er flott til sitt bruk. No ser eg relevansen opp mot kornneket, men det tok litt tid.

– Kvifor skifte logo, og kvifor no?

– Det er ein ny tidsalder kommunikasjonsmessig. Me har hatt kornneket i hundre år og det er opphaveleg ei tresnitt som det er vanskeleg å få fram digitalt. I elektroniske flater og i sosiale media er det viktig å ha ein logo som er enkel å tyde. Me fekk mange reaksjonar frå folk utanfrå næringa – dei me prøver å kommunisere til, på at neket likna ein brokkoli som har lege for lenge og blitt gul. Me er ikkje interessert i å vera ein utgått brokkoli.

– Kor viktig er ein logo for ein organisasjon som Bondelaget?

– Viktig. Det handlar om identitet og om å vera gjenkjenneleg. Og der hamnar me no i skvis mellom ein del medlemmar som reagerer på at me endrar på det som er trygt, godt og kjent, og vårt behov for å syna igjen der ute.

Haugen forsikrar om at den gamle logoen får leva vidare på faner og emblem. Mellom anna.

– Ståle Nordbo, avtroppande fylkesleiar i Nordland, har tatovert den gamle logoen på underarmen, så me kan jo ikkje kutta den heilt ut. Då må me betala for å få fjerna tatoveringa.

– Kven laga den nye logoen og kva kostar utskiftinga?

– Det er kommunikasjonsavdelinga hjå Bondelaget som laga den, saman med nokre konsulentar. Kostnaden ligg på ca. 300 000 kroner.

– Nye logoar kjem gjerne saman med nytt namn, les Statoil som vart til Equinor og NSB som vart Vy. Blir Bondelaget snart døypt om til «Grøde», «Fôre» eller «Farmer. no»?

– Nei! Med utropsteikn! Men eg tykkjer du kjem med gode forslag. Dersom me tenkjer i den retninga så veit me kven me skal gå til.

Over og ut: Kornneket