BV-KOMMENTAR:

– Dette er ikkje lotto. Me legg livet i potten

7. februar 2024

Krevjande: Plakaten illustrerer alvoret på årets Varhaug-møte. Her under bondelagsleiar Bjørn Gimming si innleiing. Foto: Bothild Å. Nordsletten.

Sjur Håland

Ein gong i ei litt anna tid, omtalte underteikna Varhaugmøtet som «også litt underhaldning og sirkus». Då fekk eg kjeft av ein bonde. Eg tok kjeftinga ad notam, men var ikkje samd med han då. Men nå, i 2024, er sirkusbiten definitivt over i det årlege evenementet i lokalet som heiter Jæren Sparebank Arena på Varhaug. Årsak? Kostnadsvekst. Renteauke. Manglande prisuttak. Pengemangel. Ikkje i bankane, men hjå bøndene.

50 prosent auke

Nå er det alvor. Maskinhandlar John Magne Øgreid uttrykte uro då han stilte seg bak mikrofonen under debatten. Han peika på at maskinkostnadane har auka med 50 prosent dei siste tre åra. Bøndene treng framleis å fornya maskinparken med jamne mellomrom. Men korleis skal næringa finansiera dette, lurte han på, og understreka at bøndene har handlevilje, men manglar handlekraft.

Legg livet i potten

Bonde Bjørn Lende bidreg til å læra opp komande bondegenerasjon på Vinterlandbruksskulen på Jæren. Han var i tillegg oppteken av føreseielegheit. Det same var styreleiar i Norges Bygdeungdomslag, Henrik Nordtun Gjertsen. Sistnemnde understreka alvoret kring kapitalbehovet og ungdommane si vilje til å satsa i sitt debattinnlegg.

– Det finst ikkje sikrare teikn på berekraftig økonomisk utvikling enn om dei unge vil satsa, meinte han.

Nordtun Gjertsen heldt fram at kapitalkravet nå er skyhøgt samstundes med at ordskiftet på stortinget kring den politiske næringa blir tøffare.

– Kva skjer då med inngangsbilletten til dei unge. Det blir uvisse og større risiko. Hugs at innsatsen ungdommen legg i potten når dei går inn i næringa ikkje er ein lottokupong. Det er livet.

Klar beskjed om alvoret der, med andre ord. Hurra for unge folk som seier i frå på ein slik måte!

Svært, svært dramatisk

– Eg skjøner godt innspela om behovet for føreseielegheit og er bekymra for auka polarisering i politikken. Å heia på rammene og verkemidla me alt har er utruleg viktig, repliserte Bjørn Gimming.

Statsråd Pollestad hengde seg på:

– Eg skal gjera det eg kan for å samla breiast mogleg fleirtal for landbrukspolitikken. Det nye nå er at me kan risikera å få eit fleirtal på stortinget som ikkje respekterer bøndene sin rett til å forhandla. Om jordbruket skulle vera ein diskusjon i ein del av statsbudsjettet kvart år, ville det vore svært, svært dramatisk, sa han.

Dramatisk ser det ikkje ut til å vera mellom den sitjande statsråden og Norges Bondelag. Semja om både middel, les talgrunnlag og opptrappingsvedtak, og målet, les auka inntekt til bonden, er ikkje vanskeleg å tolka ut frå både den verbale og den non verbale kommunikasjonen mellom partane.
Så vil tida syna kor langt semja held. Både i forhandlingane og i fleirtalskonstellasjonen på stortinget.

Skiftande tider

Kva så, halvanna veke etter at stolane vart stabla saman og golvet sopt etter møtet på Varhaug?
Tja. Bøndene kan ikkje anna enn å ta øktene i fjøset etter kvart som dei kjem. Alle sakene som får konsekvensar må også handterast av grasrota etter kvart som dei dukkar opp. For, som sjefsøkonomen i Sparebank 1 SR-bank, Kyrre Knudsen, song før han haldt sitt innlegg: The Times They Are A-Changin.
 
For nå kjem det som Pollestad sarkastisk omtalte som gladsaker: Høyringsutkastet til Gjødselvareføreskrifta dukkar opp i februar eller mars, medan den nye dyrevelferdsmeldinga også er på trappene. Så skal maktfordelinga i verdikjeda for mat under lupa. Og så skal talgrunnlaget og opptrappingsplanen på plass før jordbruksforhandlingane.

Von og våronn

Så får me tru jærbuen og Sp-statsråden på følgjande:

– Inntekta skal opp samstundes med at landbruket som heilskap blir styrka.
Det ligg von i slike utsegn. Me får klora oss fast og sjå kva som kjem. Det blir uansett litt av ei våronn.

Bondevennen gjer for ordens skuld merksam på at forfattaren av denne kommentaren er lokalpolitikar i Hå og medlem av Senterpartiet.