HØYR!

– Dette er veldig positivt

Foto: Bryndis Holm

Smittevernarbeidet er grunnlaget for den gode situasjonen, men me er sårbare.

Veterinærinstituttet gir bøndene tommel opp for goddyrehelse. – Rutinane i fjøset er heilt avgjerande, seier seniorrådgivar Arvid Reiersen.

Jane Brit Sande

Veterinærinstituttet har for tredje gong utgitt Dyrehelserapporten. Oppsummeringa for 2021 syner at norske landdyr generelt har ein god helsestatus.

– Trass i to utbrot av høgpatogen fugleinfluensa i fjor, så er situasjonen i Noreg veldig bra, stadfestar Arvid Reiersen, seniorrådgivar i Veterinærinstituttet.

– Ringorm ser ut til å vere på veg tilbake med færre utbrot enn i 2019 og 2020, det var ikkje fotråte på sau i fjor, og det har heller ikkje vore påviste tilfelle av MRSA dei to siste åra. Dette er veldig positivt.

Luftvegsinfeksjonen kverke har fått ei oppblomstring, mellom anna på Jæren og på Bømlo. Det vart påvist 19 tilfelle i fjor, mot berre eitt tilfelle i 2020.

– Det er lite fokus på smittevern i hestehaldet, og derfor er dette urovekkande, seier Reiersen.

Den generelt gode dyrehelsa gir også gode ringverknadar.

– Antibiotikabruken går ned, og antibiotikaresistensen verkar å vere stabil, seier han.

Dyrehelserapporten fokuserer på smittevern. Det er ikkje tilfeldig.

– Smittevernarbeidet er grunnlaget for den gode situasjonen, men me er sårbare, seier Reiersen.

Bøndene er viktige brikker i arbeidet.

– Rutinane dei har i fjøset er heilt avgjerande, og handlar om mykje meir enn ei smittesluse. Å redusera moglegheitene for overføring av smitte, og talet på smittekontaktar er utruleg viktig, seier seniorrådgivaren.

Ei spørjeundersøking som er sendt ut til veterinærar, rådgivarar, inspektørar og dyrebilsjåførar syner kva besetningar som er best på smittevern.

– Svine- og fjørfebesetningane har gode rutinar. Eg vil halde fjørfe hakket høgare enn svin, då dei ikkje har det same livdyrsystemet som i svinenæringa. Men dei jobbar godt i svinenæringa, med både Helsegris og arbeidet for å få fleire bønder til å legga om til SPF, seier Reiersen.

Det gode smittevernarbeidet i fjørfenæringa vart avgjerande i fjor, då to besetningar fekk påvist svært smittsam fugleinfluensa. Næringa fekk testa betydinga av arbeidet og beredskapsplanane.

– Samanlikna med erfaring gjort internasjonalt, så er det uhyre sjeldan med smitte i berre to besetningar. Det er oppsiktsvekkande, og alle involverte fortener ei stor fjør i hatten for arbeidet som vart gjort, seier Reiersen.

I svinenæringa er PRCV ein stor test.

– Dette viruset gir ikkje sjukdom, men er svært smittsamt, og spreier seg trass i godt smittevern, seier Reiersen.

Smittevern er kontinuerleg arbeid.

– For å oppretthalde eit godt smittevern, må me halde oss i nakken. Me må bli betre. Når det plutseleg trykker på, slik som med fugleinfluensautbrotet, veit me ikkje om det vil halde. Me er heldige som har såpass lite sjukdom, seier Reiersen.