HØYR!

– Dyra ser ut som juletre!

21. oktober 2022

Me lever i ei digital verd. Kvifor kan ikkje slakteria følgje etter?

Når Tore Hommeland sender lam til slakt, må han sette i tre ekstra øyremerke. Han saknar eit betre, og digitalt system for å unngå unødig stress hjå dyra.

Jane Brit Sande

– Kvar gong me skal sende sau og lam til slakt må me sette i tre ekstra øyremerker; eit for økologisk, eit for nisjeslakt, og eit for retur av skinn, seier Tore Hommeland, som driv gard saman med kona Bente Hommeland i Dirdal i Rogaland.

Dyra har i tillegg eit individmerke i kvart øyre.

– Med totalt fem øyremerke ser dyra ut som juletre!

Bonden stiller spørsmål ved kvifor det ikkje er mogleg å løysa dette på ein annan måte.

– Me lever i ei digital verd. Kvifor kan ikkje slakteria følgje etter? Kor er viljen?

Hommeland ønsker eit system der dei elektroniske øyremerka speler ei større rolle.

– Desse merka får dyra allereie som lam. Dersom dei kunne vere kopla til eit datasystem hjå slakteriet, kunne eg heller ha logga meg inn i systemet og huka av desse merknadane på kvart dyr, seier han.

Der er fleire ulemper med dagens system, seier Hommeland. Dyrevelferd er eit viktig punkt.

– Etter kvart som dyra blir eldre, blir det vondare når me sett i øyremerka. I tillegg er situasjonen stressande for dyra, inga tvil om det. Når me skal klemme merka fast, rykker dyra til. Då kan uhell skje, og øyret kan bli skadd, seier bonden.

– Det skjedde sist me merkte dyr; eg rett og slett kløyvde øyret på to av lamma, innrømmer han.

– Då er det ikkje greitt å stå å gjere dette tre gonger på kvart dyr.

Ordninga fører også til ekstra utgifter og tidsbruk for bøndene, og plastavfall for slakteriet.

– Desse øyremerka kostar kring fire kroner per stykk, pluss moms. Merka skal berre stå på ei kort stund, fram til dyra er slakta. På slakteriet går merkene i avfallet, seier Hommeland.

Han har alt lufta frustrasjonen i eit innlegg i Facebook-gruppa «Venner av norsk landbruk», og fått mange kommentarar.

– Der kom det blant anna fram at det er ulik praksis i hjå dei ulike mottakarane, og slakteria rundt i landet. Det tyder på at det er mogleg å løyse denne merkinga på ein annan måte, seier Hommeland.

I kommentarfeltet skriv fleire bønder at dei prøver å vere kreative for å unngå å sette merke i øyret.

– Nokre setter returmerka i individmerka, som dyra allereie har. Men eg har prøvd, og det fungerer ikkje hjå oss, seier Hommeland.

– Det bør vere mogleg å få eit system som fungerer betre, slår han fast.