HØYR!

– Eg meiner me tar ansvaret vårt, her

Foto: Kverneland Group

Om me trudde at våre produkt hadde bidratt til krigføring, ville me ikkje eksportert.

Medan Putin-regimet terrorbombar Ukraina, tar Kverneland Group opp att eksporten av plogar til Russland. Av omsyn til den globale mattryggleiken, seier konserndirektør Arild Gjerde.​

Bothild Å. Nordsletten

– Me sette eksporten på pause for å gjera grundige vurderingar av situasjonen. Nå har me fått tydelege signal gjennom bransjeorganisasjonar og EU at landbruksprodukt kan eksporterast til Russland så lenge sanksjonerte personar ikkje er involvert. Grunnen er omsynet til den globale matsikkerheit, spesielt for fattige land, seier Gjerde på spørsmål om kvifor Kverneland tar opp att eksporten.

Han er selskapets konserndirektør for sal og marknad.

– Kva er verdien av eksporten?

– Planlagt volum er avgrensa, men det vil me ikkje gå ut med om av konkurranseomsyn.

– FN, Yara og andre meiner Russland brukar mat som våpen. Kva tenkjer du om det?

– Me oppfattar at sanksjonane er sett inn for å ramma Russland der dei skal, blant anna på energiinntekter. Nokre sektorar er unntatt, av omsyn til matsikkerheit. Me oppfattar det slik at det kan få enorme konsekvensar for dei fattigaste i verda om me ikkje held matvareeksporten- og produksjonen oppe.

– Russland driv ein folkemordsliknande krig mot Ukraina. Dei drep, valdtek, torturerer, bortfører barn i tusentals, legg byar i grus og minelegg landbruksjorda. Krigsforbrytingar er mange. Kor går grensa for kva regime Kverneland vil handla med?

– Det som er viktig for oss er at me lyttar og følgjer alle internasjonale tiltak og sanksjonar for å få slutt på den forferdelege krigen. Me er engasjert mot krigen og me er dedikert og kommitterte på å følgja sanksjonane. Om me trudde at våre produkt hadde bidratt til krigføring, ville me ikkje eksportert.

– Men er det moralsk rett å handla med Putin-regimet, berre fordi det ikkje er ulovleg?

– Me har valt å lytta til politikarane som med unntaket i sanksjonane signaliserer at det er rett i nåverande situasjon å halda fram å tilby utstyr til matvareproduksjon.

– Ukrainske bønder og traktorane deira er eit viktig symbol på det ukrainske motet og motstanden. Kverneland eksporterer plogar til fienden deira?

– Me vil halda fram å selja utstyr òg til ukrainske bønder og støtta opp om det service-behovet dei har. Og me håpar krigen og operasjonane i Ukraina tar slutt omgåande.

– På Jæren er me stolte av jordbruksindustrien vår. Kan me vera like stolte av Kverneland heretter?

– Ja. Eg meiner at me tar ansvaret vårt her, i forhold til å følgja sanksjonar og reglar basert på signala frå G7 og EU rundt sanksjonsregime, og me vil tilpassa oss utviklinga her.

– Har Kverneland blod på plogen?

– Nei.