MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Ein gastronomisk heilheim

1. juni 2023 | Dessutan

Farvel til jordeple: Pizza. Det er dét det går i der bønder samlast. Er dette eit matstell folket i Noregs mattrau kan vera seg kjent med, spør forfattaren? Illustrasjon: Istock/Bondevennen

Ét norsk. Ét sesong. Seier bøndene. Og bestiller pizza.

Odd Arild Espedal, Herikstad

Gode bladstyrar. I utgåve sju av Bondevennen dette året, har de ein biletreportasje frå opninga av eit sauehus og oksefjøs på Sagland. Bladfyken har tatt nokre bilete som viser matstellet, med tekst til blinkskota: «Nam: mat til gjestene høyrer med». Korvidt dette er røyndommen, eller om han prøvar seg med austlandsk ironi, er eg noko usikker på. Bondevennens utskremde verker elles som ein alvorleg kar, og ut frå oppsynet ikkje ein som fer med skjemt og gapstykke i utide.

Bak muren-mat

Eg har sjølv vore på opning av fjøs og sett nye driftsbygg til titals millionar. Entreprenøren stilte med marsipankake og kaffi for å døyve bonden si otte for renteauke og smalhans. Kake og kaffi kan sjeldan gå galt. Sist eg var tilstades stilte samvirket i tillegg opp med grilling, med om lag same matsetel som nemnde journalist fekk dokumentert. Skrale greier, med andre ord. Pølser av kjipaste slaget, som mest minna om dei som vart servert på restaurant i Murmansk på byrjinga av 1990-talet. Brødet så tørt at det elles berre ville blitt brukt på Åna. Heldigvis var det dugeleg med ketsjup frå utlandet til å få fôret på glid.
Er det slike sluttprodukt som skal motivera bonden til innsats utover det tilmålte årsverket? Eller er det berre byas’ar og godt betalte mellomleiarar i Statoil som skal få gassa seg med dei gode råvarene frå fjos og åker?

Pizza her. Òg der.

Nå har det seg så, at eg sjølv det siste året også har fått med meg ein del av matstellet i ymse andre bondeskipingar, etter at eg som jordbærbonde har innreidd meg på Jæren, og løyst medlemskap i Bondelaget. Mentalundersøking klarte eg å snakka meg ifrå, då eigaren der eg er leiglending, mest var interessert i at eg kunne betale for meg. Elles har eg brend heile dagar og tusenlappar på Særheim og liknande stader saman med gilde fjøskarar, på kurs og utdanning, for å få sertifikat og prov som skal tilfredsstilla landbruksbyråkratane sine krav til ymse. Med eit par heiderlege unnatak har det vorte servert pizza som mellemat alle stader. Ikkje noko vondt om denne opphaveleg italienske restematen. Eg har sjølv kome breilasta ut frå Obs’en når det er tilbod på Grandiosa.
Det som uroar meg, er at pizza nå vert servert i alle slags samanhengar. På stormøtet sør i teigen her forleden – med minister, bondelagsleiarar, tingfolk, ein haug med landbruksbyråkratar med steinandlet og godtfolk frå Jæren, Fjellbygda og øvst i Frafjord, vart det servert… pizza. Eg forstår at det kan vera utfordrande å måla opp tilsiget til slike møte i forkant. Men er dette eit matstell folket i Noregs mattrau kan vera seg kjent med? Då ordstyraren slapp laus bølingen for mat og pause-drøs, var det som når ein holsvolten flokk ammekyr får auge på fôrvogna. «Maten er halve føda», har ein vitug jær-kokar skrive. «Menneskje er det det ét» skriv Hulda Garborg i innleiinga i boka si «Heimestell». Jaudå. Drøs får me til. Men har me blitt heilt bedøvde av slikt lågt matstell? Trygve Hegnar ville hatt mykje å harselera over i leiaren sin, om nokon, mellom pizzabitane, freista argumentera for auka tollvern for EU-pølser og anna grøntfôr frå kontinentet.

Den einaste staden kor det har vore skikkeleg matstell der bønder samlast, er på siste reis.

Odd Arild Espedal

Den einaste staden kor det har vore skikkeleg matstell i det siste der bønder samlast, er på siste reis. Altså på minnestunder for avlidne bønder. Men snart blir det vel pizza, her òg?