HØYR!

– Ein heider til foredlinga og råvara

11. februar 2022 | Dessutan

Det er stas at eit produkt basert på utmarksbeite, og alt det harde arbeidet knytt til det, får ei nasjonal utmerking.

Bøndene bak Fjellam frå Ryfylke jobbar målretta medkvalitet, og har hatt tøffe tak for å få produkta ut i butikk.No kan dei smykka seg med siger i Det norske måltid.

Jane Brit Sande

Førre veke gjekk finalen i Det norske måltid av stabelen. 39 finalistar fordelt på 13 kategoriar. Albert Idsøe og Fjellam frå Ryfylke stakk av med sigeren i kategorien «årets kjøtt foredlet».

– Det kjennest heilt fantastisk, seier Lise Vistnes, produsent i det vesle samvirket, dagen etterpå.

– Me er fleire produsentar som gler oss over denne sigeren. Me har kjempa for å koma på marknaden, og i fleire år har me jobba for høg kvalitet. Me er stolte, alle som er involvert, seier ho.

Ho og 28 andre sauebønder står bak Fjellam frå Ryfylke SA. Dei samarbeider med Prima og slaktar Albert Idsøe om slakt, foredling og sal av lammekjøtet.

– Prisen er eit gjennombrot for oss. Den er ein heider til foredlinga og råvara, seier Vistnes.

Prisen er også ei kjekk påskjønning i ei krevjande tid, seier bonden.

– Den siste tida har vore trist for landbruket generelt. Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at sauebønder, spesielt, har hatt tøffe tak dei siste åra. Det er stas at eit produkt basert på utmarksbeite, og alt det harde arbeidet knytt til det, får ei nasjonal utmerking, seier Vistnes.

Bøndene har allereie merka dei positive ringverknadane frå nomineringa. Fram til finalen i Det norske måltid, må dei også gjennom delfinalar.

– Folk kjenner att produkta våre, og så har me fått litt blest lokalt og på sosiale media. Uansett er det viktigaste at me har eit produkt folk vil kjøpa att, seier Vistnes.

No skal bøndene halde fram med det utrøyttelege arbeidet for kvalitet og heiaproduksjon.

– Me skal følga opp eigne kriteria, og stilla opp der Prima og slaktar Albert Idsøe treng oss. Me har ei god kopling mellom produsent og profesjonsaktørar i dette samarbeidet, og ingen av oss vil gå på akkord med kvaliteten, seier Vistnes.

– Me er også spente på søknaden om beskytta geografisk nemning på våre produkt. Det vil sikra merkevara Fjellam frå Ryfylke for framtidas generasjonar, seier ho.

Det var først i haust at Fjellam frå Ryfylke fekk plass i slaktarbutikk.

– Me er blitt nokre erfaringar rikare, seier Vistnes, og avslører at det er ein og annan rutine som kan bli litt betre.