HØYR!

– Eit tiltak eg har sakna

18. desember 2021 | Dessutan

Ordninga vil vera med å roa sjel og sinn til bonden.

Første januar 2022 trer dyrevelferdsprogrammet for storfe i kraft. – Dette er verkeleg eit rett tiltak som eg har sakna lenge, seier Atle Tjåland, mjølkeprodusent på Tjåland i Time.

Sjur Håland

– Nå får bonden endeleg høve til å få dyrevelferden sertifisert ved ein gjennomgang av dyrehaldet og ein signatur frå ein annan person enn han sjølv, seier Tjåland.

Når Mattilsynet kjem på inspeksjon kan bonden visa til dyrevelferdsprogrammet og veterinæren som har signert på at dyrevelferden på garden er i orden.

– Ordninga vil vera med å roa sjel og sinn til bonden. Eg får ein alliert dersom det skulle dukka opp «ein feil person» frå Mattilsynet. Dyrevelferdsprogrammet vil fjerna mykje av den frykta som me dei siste åra har fått til Mattilsynet sine inspektørar.

Ifølgje bonden treng landbruket «advokatar herifrå og til månen» for å stå i mot og handtera alle typar press og krav. Utan sertifisering av god dyrevelferd, vil ikkje bonden kunna prova at han driv innafor rammene av det som til ei kvar tid blir definert som godt dyrehald.

– Eg ser på dyrevelferdsprogrammet som ei sertifiseringsordning der mitt dyrehald og dyrevelferden på gitte datoar med jamne mellomrom blir konstatert i orden gjennom ein signatur frå min advokat, veterinæren. Dyrevelferdsprogrammet handlar også om korleis bøndene kan organisera dyrehaldet på ein betre måte og tena pengar, understrekar han.

– Men dette kjem på toppen av alt anna som skal registrerast og fyllast opp?

– Eigentleg kan alt anna kastast etter dette. Eg kan syna til sertifiseringa av dyrehaldet mitt. Me treng slikt sett ikkje noko anna enn dyrevelferdsprogrammet.

Han brukar siloheisen som eksempel.

– Er siloheisen sertifisert er den sikra for bruk etter lova utan at Arbeidstilsynet kan klandra bonden for dårleg vedlikehald. Skulle ulukka vere ute er bonden vesentleg betre stilt, enn om den ikkje var sertifisert.

– Er det rett at bøndene sjølv skal betala for kostnadane med dyrevelferdsprogrammet?

– Ja, men hugs at denne posten kjem inn som ein kostnad og blir ein del av berekningsgrunnlaget for bøndene si inntekt i jordbruksforhandlingane med staten.

– Kva med veterinæren som skal gjennomføra veterinærbesøket. Greier ho eller han å vera nøytrale?

– Det handlar om det som har blitt eit framandord i samfunnet elles. Tillit. Veterinæren min får sjå alt. Eg er ikkje interessert i å gøyma vekk noko, og veterinæren er slett ikkje interessert i å lukka augo for noko. Det går ikkje an å tena pengar på å driva husdyrhald med dårleg dyrevelferd.