HØYR!

Endeleg XMAS!

23. oktober 2023

Julegodt’er: Go’morgen Cappuccino XMAS Limited Edition, anyone? IsKaffe Xmas? Med Tine er det berre å feira høgtida sjølv om lauvet ennå heng på trea. Foto: Utstnitt av reklamebilete frå Tine

Tine startar jula i veke 42. Og litt på engelsk. – Det gjeld liksom å treffa på riktig tidspunkt, seier marknadssjef Annicka Vogt-Svendsen.​

Bothild Å. Nordsletten

Tine lanserte juleprodukta sine i førre veke, den som starta med 16.oktober. I pressemeldinga jublar dei «endelig».

– Kvifor ikkje starta jula i september?

– Hm. Når det gjeld tidspunkt for lansering av juleprodukta så ønskjer me ikkje å koma for tidleg, men me ønskjer heller ikkje å koma for seint, svarar marknadssjef Annicka Vogt-Svendsen.

– Me ønskjer å følgja resten av handelsstanden som sender ut sine juleprodukt i butikk. Så er det slik at det tar litt tid å få alle juleprodukta ut. Det er derfor me startar då, alt i veke 42. Det er mange som ventar på desse produkta òg.

– Tine snakkar varmt om å forvalta norske tradisjonar. Kva gjer det med norske tradisjonar og kultur når Tine startar jula medio oktober?

– Eg meiner framleis me forvaltar norsk kultur og tradisjon. Det viktigaste er at ein får juleprodukta til jul og at dei er tilstrekkeleg tidleg ute til å sikra at forbrukarane får det når dei ønskjer det.

Tidlig på’an: – Eg meiner framleis me forvaltar norsk kultur og tradisjon, seier Annicka Vogt-Svendsen, marknadssjef i Tine, som lanserer julemat to månader før jul. Foto: Tine

– Kva tid byrjar Tine jula neste år?

– Sannsynlegvis omtrent på same tid som i år.

– Kor går grensa for kor tidleg Tine vil starta jula?

– Som eg sa, ikkje for tidleg, ikkje for seint. Det gjeld liksom å treffa på riktig tidspunkt. Me gjer nøye vurderingar på dette.

– Blant julelanseringane dykkar finn me yoghurten Go’morgen Cappuccino XMAS i «Limited Edition». De har også lansert TINE IsKaffe Xmas Mocha. Kva skjer med det norske språket i Tine?

– Generelt ønskjer me i Tine å fremja og å nytta norsk språk, og primært så gjer me jo det. Men på enkelte produkt er det formålstenleg med meir internasjonale namn. Når det gjeld Tine IsKaffe nyttar me internasjonale omgrep som er kjende for forbrukar, som Mocha, Cappuccino, Macchiato. Det same skjer når me kjem til jul. Då blir det XMAS Mocha.

«På enkelte produkt er det formålstenleg med meir internasjonale namn.»

Annicka Vogt-Svendsen, marknadssjef i Tine

– Kvifor XMAS?

– Fordi XMAS følgjer litt den internasjonale språkbruken me har på resten av porteføljen.

– Er «jul» treigt?

– Det er ikkje noko treigt med «jul». Me har mange juleprodukt. Men akkurat når det gjeld Tine Iskaffe Mocha så synest me at XMAS fungerer veldig godt.

– Kven ønskjer de å nå med å bruka eit framandspråk?

– Me ønskjer å nå dei norske forbrukarane, men innan kaffi, så følgjer me det internasjonale kaffispråket, som målgruppa forstår veldig godt.

– Tine-produkt på polsk og urdu i framtida, kunne det vera ein idé?

– Det trur eg at eg må koma tilbake til. Me har ingen konkrete planer om det nå. Men om du ser på mjølka vår i Finnmark, så brukar me også samisk der, fordi me ønskjer å fremja det språket i Finnmark.