HØYR!

Etterlyser dei unge bøndene

15. oktober 2021

Foto: FKRA

Eg fryktar at mange unge ikkje er med fordi dei trur det er keisamt.

Årsmøtesesongen i bondelaga er i gong, men éi gruppe manglar. – Me skulle gjerne sett fleire av dei unge bøndene, seier Tarald Magne Oma, leiar i Time Bondelag.

Jane Brit Sande

På årsmøtet i Time Bondelag møtte 60 av medlemmane opp. Slettes ikkje verst, gitt at det er 220 bruk i kommunen. Engasjement og ordskifte var også godt. Likevel kjem lokallagsleiar Tarald Magne Oma med eit lite hjartesukk.

– Me skulle gjerne sett fleire av dei unge bøndene. Det er mykje dei same, eldre, som kjem kvar gong, seier han.

No tar laget grep for at gjengangarane skal få selskap.

– Styret vil ta fatt i saka om å engasjere fleire av medlemmane under 35 år. Me vil ha dei med for å påverke eiga framtid. No når samfunnet har opna opp att etter pandemien, vil det kome fleire arrangement etter kvart, seier Oma, og lokkar blant anna med ein slåttefest i løpet av hausten.

Det er ikkje berre i Bondelaget at den unge garde glimrar med sitt fråvær.

– Det ser ut til å gjelda overalt i landbruket. Kanskje ikkje så rart. Dei unge er gjerne småbarnsforeldre som har gjort ei kostbar satsing på garden. Då er det ikkje mykje tid til overs. Det må me ta omsyn til, seier Oma.

– Men eg fryktar at mange unge ikkje er med fordi dei trur det er keisamt.

Oma håpar at bøndene ikkje har gløymt kvifor det er viktig at dei engasjerer seg i lag og organisasjonar.

– Ein må sjølv vere med å legga premissane.

Men kan hende det er blitt uglesett å vere tillitsvald i lag og organisasjonar?, seier Oma.

– Det krev at du tar standpunkt, og står til rette for meiningane dine. Derfor må me bli flinkare på opplæring og kursing av nye tillitsvalde.

Oma trur også at tillitsverva er hausa opp til å gi inntrykk av at det er meir arbeid enn det eigentleg inneber.

– Mest av alt er det eit gildt arbeid, der ein får vere med på å forma politikken og det som skal skje i landbruket, seier han.

På årsmøtet vart 57-åringen attvald som lokallagsleiar, og han tar fatt på sitt andre år.

– Eg tykkjer tillitsvervet er spanande og lærerikt. Eg treff mange folk som eg elles ikkje ville møtt, og må bryna meg på problemstillingar som eg ikkje før har tenkt over. Det er veldig godt for eigenutviklinga, seier han.

Han har følgjande oppmoding til alle lokallag som skal arrangere årsmøte i tida framover:

– Ta meir fatt i, og engasjer dei unge. Eg ser det på alle felt og i alle organisasjonar. Det må tas grep. Det er dei unge si framtid det er snakk om, seier Oma.