MI MEINING

Etterlyser sjølvjustis i næringa

All omsetnad av geitemjølkkvotar burde gått via staten

– Me ser svært høge prisar på kjøp og leige av kvote, seier geitebonde Hege Gonsholt.

Jane Brit Sande

Hege Gonsholt er geitebonde i Vinje, styremedlem i Telemark Bondelag og leiar i Tine produsentlag Haukeli, geit. Ho er nøgd med at partane i jordbruksoppgjeret kom til ei avtale, og med geita sin plass i den. Dei nasjonale føringane for forvaltninga av IBU-midlar i 2019, er ho derimot skeptisk til. I dei står det at geitemjølkprodusentar kan søke om ekstra investeringstilskot dersom dei vil selje kvoten, og omstille til ein annan produksjon.

– Eg vonar me har nådd eit botnnivå i tal på geitemjølkprodusentar, og at ingen vil nytte seg av tilbodet om investeringstilskot. Me er ikkje fleire enn me må vere for å halde på eit godt produsentmiljø. Så lenge det ikkje er gjort noko med andelen ein må selje til staten oppnår ein heller ikkje det som er hensikta med tilskotet, seier ho.

– Dette var noko som kom inn i avtala i fjor, og som blir tatt med igjen i år. I fjor kom det også ei oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar, som ikkje blir vidareført i 2019, etter kva eg kan sjå.

Oppkjøpsordninga og ekstra investeringstilskot skulle bidra til å redusere produksjonen på landsbasis.

– Men det har i liten grad redusert volum og heller bidrege til å drive opp prisane. Me ser at det no er svært høge prisar både på nye leigeavtalar og kjøp av kvote, seier Gonsholt.

Dei få produsentane som har selt kvoten sidan ordninga kom, har ikkje selt meir enn dei obligatoriske 20 prosentane til staten, i følgje Gonsholt. Dette utgjer kring 68.000 liter.

– I ordninga fastsette staten 12 og 15 kroner literen. På den private marknaden har me sett kvoteprisar til meir enn 30 kroner literen, seier ho.

– Er det lønsamt å kjøpe kvote til den prisen?

– Ei kvote kan vere ei god investering, men det burde vore meir sjølvjustis i næringa, medgir ho.

– Eg saknar meir diskusjon rundt kvoteordningane. Det er eit stort minus at det ikkje kom med noko om kjøp, sal og leige av kvote i avtala, i denne omgang.

Gonsholt vil at staten skal ha ei anna rolle i kvotemarknaden.

– Med tanke på at det er få føretak som driv med geitemjølk burde all omsetnad av geitemjølkkvotar gått gjennom staten til føreseielege prisar. Nå tappast næringa for store midlar, både ved kvoteleige og privat omsetning.

– Er det fortsatt ei framtid for geitenæringa?

– Ja, eg vel å tru det! Ingen lagar så fine kulturlandskap som geita, og me har verdas friskaste geiter. Men me er avhengige av sal, og å få fram gode produkt som kundane vil ha.