MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Fagfornyinga i skulen – plass til maten?

6. desember 2019 | Dessutan

Foto: istock

Åsmund Bjørnstad
er professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Kunnskapsdepartementet lanserte nyleg Fagfornyinga, dei nye læreplanane som skal gjelde frå skulestart 2020. Eit spanande tiltak der er utdanning for berekraftig utvikling (UBU) ved samordning av til dømes naturfag, mat og helse og geografi med fire til åtte timar per veke i opptil eit halvt år. Lærebøker er enno ikkje klare, men grunnlaget er lagt.

Mat og kosthald er meir i overskriftene enn på mange år. Har då dette, ja, kanskje til og med matproduksjon, fått nokon plass i UBU? Nei. Søk på «jordbruk », «landbruk» eller «fiskeri» gjev null treff. «Mat» finn vi sjølvsagt i Mat og helse, der det elles heiter at UBU: skal «leggje vekt på at både matproduksjonen og matforbruket bør skje på måtar som ikkje er til skade nasjonalt eller globalt». I tiande(!) klasse skal elevane «vurdere informasjon om matproduksjon og drøfte korleis forbrukarmakt kan påverke lokal og global matproduksjon, utforske klimaavtrykket til matvarer» og gjera greie for korleis matforbruk kan påverke miljøet, klimaet og matsikkerheita. Ikkje så lite!

Kva så med naturfaget, som skulle setja elevane i stand til å «vurdere» slikt? Mat er berre nemnd indirekte, som når fjerdeklassingen skal drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte, gi eksempler på god dyrevelferd og reflektere over hvordan dyrs behov kan ivaretas. Tiandeklassingen skal lære om klimaendringar og tap av biologisk mangfald. Berre naturbrukseleven skal lære om korleis menneskeleg verksemd (implisitt på tvilsamt vis) påverkar arealbruk og stoffkrinslaup.

Men Fagfornyinga gjev skulane stor fridom i korleis dei lokalt legg opp UBU. Den naturlege skolesekken har lenge hatt prosjekt om til dømes skulehagar og besøksgardar, få om faktisk matproduksjon. Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo er sentralt i Fagfornyinga og UBU. Der finn vi mykje interessant stoff, men lite om mat. Tidsskriftet Naturfag, som er retta mot lærarar, hadde i 2015 eit hefte om FN sitt jord-år. Kunstgjødsel eller jordkultur var berre nemnd i ein artikkel om økologisk landbruk. I heftet om evolusjon (2016) finn vi ingenting om husdyravl eller planteforedling. I internasjonal faglitteratur er desse fullgode delar av evolusjonsbiologien, ikkje noko «unaturleg». Det er ingen vrang vilje bak dette, berre ein ålmenn kunnskapsmangel som har to hovudgrunnar.

Det opplagte er at færre og færre anar korleis maten blir til. Bøndene er langt attende i slekta. Plogen – før symbolet på sivilisasjon og framgang – tyder no erosjon og tap av biologisk mangfald. Kveiten – eit universelt symbol på brød og liv – gjer folk feite og allergiske.
Den andre grunnen er at mat er ein framand fugl i naturfaget. I dagens lærebøker tyder «natur» noko ”urørt”, i balanse og ”reint”, men mykje menneskeskapt blir assosiert med skadeverk. Denne «biosentriske» vernebiologien har i stor grad sett seg som vedteken kunnskap, pluss i lovverket og forvaltinga. Det er ei viktig og positiv historisk endring, men konflikten bruk/vern blir ikkje borte.

Produksjonsbiologien derimot, har ingen plass i opplæringa, anna enn på tiltalebenken. I dagens lærebøker er nitrogenkrinslaupet sjølvsagt med og kunstgjødsel stilt ansvarleg for ureining av vassdrag og klimagassar. At den gir oss halvparten av proteina i maten, er ikkje nemnd, heller ikkje at miljøavtrykket minkar med sortar med betre næringsopptak. Menneskets innverknad på karbonsyklus gjeld stort sett klimautslepp, ikkje kaloriane og fibrane vi treng. Svinepesten i Asia viser tydeleg kor skøyr berekrafta i systemet er, så her er mykje å gjera – men mykje blir òg gjort.
Naturutnytting – tradisjonelt landbruk, fiske, skogbruk – har dei siste førti åra måtte ta inn over seg miljø- og økologiperspektiva, med beisk lut som miljøavgifter og forbrukarar og styresmakter som kikkar dei i korta. Men vernebiologien er temmeleg svarlaus når det gjeld UBU og mat. Den har nemleg få andre råd om «berekraftig utvikling» enn forbod eller freding.
Her må eg legge til: til nå. I 2019 har nemleg kosthaldsråda yngla. «Alle» kjenner seg kvalifiserte til å meine det rette om kjøtforbruk, dyrehald, mat og eit «klimarett» norsk jordbruk. Oslo Kommune skipa nyleg ein Matdugnad der folk frå ymse bakgrunnar i arbeidsgrupper skulle skissere eit berekraftig kosthald i kommunen. Eit av dei 22 spørsmåla var: Hvordan skal vi sørge/ sikre at norske bønder får betalt riktig for maten de produserer så de kan drive på linje med naturen og leve et godt liv? Ingen skisserte ei løysing på dette.

Det «biosentriske» og det «antroposentriske » (mennesket som midtpunkt, red. merk.) natursynet kjem stadig i konfliktar om rovdyr, kosthald, kjøtforbruk og genmodifisering. Dei bygger på kvar sine vitskaplege tradisjonar og ulike verdiar.
Det er her lærarane – dei som skal gjennomføre Fagfornyinga – treng gode undervisingsopplegg. Dei har vi enno ikkje sett. Eg vil hevde at produksjonsbiologien er godt stoff i UBU, jamsides vernebiologien. Den handlar nemleg om maten vi faktisk et, grunnlaget for helsa og dei stoffstraumane vi faktisk må gjera meir berekraftige. Fagfornyinga er positiv til ny teknologi, at elevane evner å vurdere berekraft og kjeldebruk. Ofte tyr lærarar til økologisk mat som kortreist, naturleg og rein, men her er meir. Tenk på kombinasjonar av naturfag, geografi og skulekjøkken (og kantine) om berekraftig produksjon av tomatar og gulrøter, om biologisk mangfald i kålvekstar, om kveiten dyrka på åkeren nær skulen, kombinert med mjølpakkar og lokale bakeri. Kor norsk er det norske brødet? Eit interessant opplegg på Naturfag.no er at elevane rangerer fire ulike (norske, innførte og økologiske) eplesortar etter kvalitet og ein enkel klimarekneskap. Kva med litt om sortane, om epleproduksjon og svinn? Kva om elevane på skulekjøkkenet fekk vege klima mot velferd for både Ross og Hubbard slaktekylling, når den som lever lengst betyr størst utslepp? Og kanskje lærte litt anatomi og fysiologi i naturfaget? Her er det nok av emne. Den såkalla «5-E»-modellen for naturfagundervising (Engage – Explore – Explain – Elaborate – Evaluate) lar seg lett bruke også her.
Dette eignar seg samarbeid mellom skule og næring, og erfarne pedagogar innan UBU ved Naturfagsenteret, Seksjon for læring og lærarutdanning ved NMBU m.fl. Lærestoff finst hjå fagfolk ved NMBU, NIBIO eller NLR, om dei blir spurt. Kanskje landbruket i Fagfornyinga finn ei open dør på skulane landet rundt?