HØYR!

Fekk Mattilsynet til å snu

5. februar 2021 | Dessutan

Eg går rett på sak

Jærbøndene sa ifrå då dei ikkje vart representert i dei nye dyrevernsnemndene. Det fekk Mattilsynet til å snu.

Jane Brit Sande

Nyleg vart det kjent at dei nye dyrevernsnemndene i Mattilsynet region sør og vest vart utan representant frå jærkommunane. Det reagerte både bønder og lokalpolitikarar på.

– Eg fekk innspel frå nokre av dei andre lokallaga om at me ikkje kunne akseptera at dyrevernsnemnda skulle vere utan minst ein representant frå Jæren, seier Sven Martin Håland.

Han er leiar i Sandnes Bondelag, og for samstyret for 13 lokallag på Jæren. Håland tok kontakt med Mattilsynet med mål om ei endring.

– Karen Johanne Baalsrud (fungerande regionsdirektør, journ.mld) og eg hadde ein veldig god samtale, der eg fekk lagt fram lokallaga på Jæren sitt synspunkt. Enden på visa er at Mattilsynet snudde i saka. Dei har opna for å utvida nemnda med tre personar, og at desse skal vere frå vår region, seier Håland.

– Det er viktig for oss i bondelaga på Jæren å understreka at me oppfattar dette som fornuftig handla av Mattilsynet. Dei tok oss på alvor, og det innbyr til tillit, seier han.

– Korleis la du fram saka?

– Eg går rett på sak. Målet er ei løysing, seier han.

– Først må me bli samde om at der er eit problem, og så må me bli samde om kva det problemet er. Så kan me koma fram til ei løysing, seier Håland.

– Løysinga bør gagna begge partar. I denne saka ønskte både Mattilsynet og bondelaga eit styrka gjensidig tillitsforhold. Diskusjonen gjekk mest på korleis me kan få dette til.

– Å få ein statleg institusjon til å snu, etter at avgjerda er tatt, er ikkje dagleg kost?

– Det er ikkje alltid det nyttar å seie ifrå om ein er usamd i ei sak. Motparten ønskjer kanskje noko heilt anna, og det kan handla om både personlegdom og ideologi. Ein må prøve å forstå dei på den andre sida av bordet, seier Håland.

I denne saka hadde bondelaga på Jæren eit godt kort på hand.

– Konflikten med Mattilsynet har rot på Jæren. Mattilsynet har sjølve mål om å betra tilliten. Eg opplever at dei verkeleg meiner det og at dei nå viser det gjennom handling. Dette er ein veldig god start, seier Håland.