HØYR!

For mykje makt hjå daglegvarekjedene

13. november 2020

Foto: NBS

Strukturen i grossistledda har stor påverknad på kvar me produserer

– Det kostar å produsere mat, bonden må ha ein større del av kaka enn i dag, seier Kjersti Hoff, leiar i Bonde- og småbrukarlaget.

Jane Brit Sande

Coop, Rema og Norgesgruppen har kontroll på 97 prosent av marknaden. Dei siste åra har daglegvarekjedene kjøpt seg opp i foredlingsverksemder, og kontroller er stadig meir av verdikjeda frå jord til bord, sa Hoff i sin tale til årsmøtet i Bonde- og småbrukarlaget nyleg.

– Dei har ei vanvitig makt over kva forbrukarane får presentert, seier Hoff til Bondevennen.

Ho etterlyser ryddig praksis, både kva gjeld prissetting, merking og kven kjedene handlar hjå.

– Vi treng ei meir rettferdig prissetting i verdikjeda. Tiltaka som blir innført med den nye daglegvaremeldinga, som blir diskutert i desse dagar, vil vere små, men dei kan hjelpe, seier Hoff.

Næringskomiteen behandlar høyringssvara til Stortingsmeldinga «Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane». Komiteen har frist til 15. desember for å gi si innstilling. Utfordringa for norske landbruksvarer har vore veldig tydeleg i korona-året 2020.

– Prisen ut til forbrukaren har gått opp, medan betalinga til produsentane har ikkje økt tilsvarande, seier Hoff.

Ho er ikkje begeistra for butikkjedene som skal «gjere Norge billegare» sam- stundes som dei tener mest mogleg sjølve.

– Dette er heilt usmakeleg dobbeltkommunikasjon, seier Hoff.

Ho meiner at eigne merkevarer gjer prisbiletet utydeleg, og at kjedene krysssubsidierer slik dei vil.

– Daglegvarekjedene integrerer bakover i verdikjeda. Kylling er eit døme på dette, der Norsk Kylling, som leverer Solvinge, er heileigd av Rema 1000.

Småbrukarlaget meiner at ei oppdeling av kjedene og grossistledda er rett medisin.

– Slik det er no, har daglegvarekjedene både grossist, distribusjon og butikkane sjølve. Det er mykje makt på berre tre kjeder, som presser mot kvarandre. Daglegvarekjedene har også påverknad på ressursbruken, seier Hoff.

– Strukturen i grossistledda har stor påverknad på kvar me produserer. Dette gjeld særleg frukt, bær og grønsaker.

– Til dømes er det bygd eit stort Cooplager på Gardermoen. Då vil sjølvsagt Coop føretrekke at potetene kjem frå Gardermoen og omegn.

Hoff meiner at det ligg inntektspotensial for bøndene i at matprisane aukar.

– Det kostar å produsere mat, bonden må ha ein større del av kaka enn i dag. Rettferda i verdien må kome gjennom heile verdikjeda, seier Hoff.

– Det skal løne seg å nytta norske areal. Det norske jordbruket blir forbetra med meir utnytting av norske ressursar; jord, beite og folk, seier Hoff.