HØYR!

Føretrekker betre mjølkepris

25. februar 2022 | Dessutan

Me må nok gjere som mange andre; ha pengane som buffer.

– I staden for ei stor etterbetaling, kunne eg heller tenkt meg ein betre mjølkepris jamt over, seier Nils Kjøsnes.

Jane Brit Sande

Førre veke kom Tine med årets, førebels, gladmelding. Etterbetalinga til samvirkeeigarane blir rekordhøge 98 øre/liter mjølk. Nils Kjøsnes, mjølkebonde i Stardalen i Jølster, kan venta 180 000 kroner inn på kontoen.

– Det er jo flotte tal, og ein blir jo glad med det same, seier han.

Etterbetalinga dei fekk i fjor gjekk til å gjere grep for å betre fôringsopplegget i fjøset.

– Det var etterlengta, og noko me hadde snakka om lenge. Me angrar ikkje, men det vart kostbart – meir enn kva me fekk i etterbetaling – og det kjende me på dei siste månadane i fjor, seier Kjøsnes.

Driftskreditten fekk køyrt seg. Sparepengar vart redninga på tampen av året.

– Synd, men betre enn å gå til banken, seier Kjøsnes.

Bonden saknar ei meir føreseieleg inntekt.

– I staden for ei stor etterbetaling, kunne eg heller tenkt meg ein betre mjølkepris jamt over. Me kan ikkje planlegga etterbetalinga sidan me ikkje veit kva me kjem til å få, seier han.

Den kostbare erfaringa frå fjoråret har påverknad for kva dei vil gjere med pengane frå etterbetalinga i år.

– Me må nok gjere som mange andre; ha pengane som buffer. Det gir ein bismak å sette dei inn i drifta på den måten. Eg skulle gjerne ha nytta dei til å gjere eit løft på garden, seier Kjøsnes.

I Vestland er det mange mjølkebønder som sit på gjerdet, og framleis ikkje har bygd om til lausdrift. Fire av ti mjølkebønder i fylket kjem til å kaste inn handkledet innan 2034, i følgje tal frå Nibio.

– Eg skjønar at mange mister piffen og motivasjonen. Det har kome mange krav som gjer at me bønder må gjere kostbare investeringar, utan at det syner att i inntekta vår, seier Kjøsnes.

– Sjølv er eg nok for sta til å gi meg, seier han.

Men på garden må dei ta grep. I fjøset står kyrne på bås.

– Me vil helst utnytta eksisterande bygning og tårnsiloar. Men førebels har me ikkje snakka med bygningsrådgivarar om løysingar for fjøset, seier han.

Kvoten som var på 47 tonn då foreldra starta opp drifta på garden i 1986, har vekse seg til 264 tonn.

– Det har me gjort for å utvikla garden, og etter kvart investera i fjøs. Per i dag nyttar me ikkje kvoten fullt, og me har eit inntektspotensial i å gjera det, seier Kjøsnes.

– Eg har vore bonde sidan 1988, og dei siste 20 åra har også kona mi hatt sitt arbeid her på garden. Det er viktig for oss å halde fram med drifta utan at ein av oss må finne anna arbeid, seier han.