HØYR!

Fornybar-potten er tom

10. juni 2022 | Dessutan

Det har vore eit heilt intenst trykk.

Ingen vits i å søka om støtte til solcellepanel på låvetaket hjå Innovasjon Norge før 1. november. Årets pott til fornybar energi er tom.

Jane Brit Sande

Åge Bremer, finansieringsrådgivar i Innovasjon Norge (IN), har dagane fulle med søknadar og telefonar om støtte til fornybare energikjelder i landbruket.

– Nasjonalt er det i år kome inn 620 søknadar. 320 har fått positivt svar, og dei fleste er prosjekt med solcellepanel, seier Bremer til Bondevennen.

– Det er veldig bra at så mange bønder vil ha fornybar energi på garden.

Men no er årets pott, som var på 100 millioner kroner, tom. På grunn av pågangen er søknadsskjemaet stengt for i år.

– Det har vore eit heilt intenst trykk. Eg har framleis søknadar frå januar liggande på vent. I tillegg til å behandla søknadar, renn det inn med telefonar frå bønder som ønsker forklaring og rådgiving til prosessen, seier Bremer.

– Dei som ringer no, får beskjed om å venta til søknadsskjemaet for neste år opnar 1. november.

Det har kome inn meir enn 100 søknadar frå Rogland og Vestland, som er Bremer sitt område.

– Frå Vestland er det kome inn 36 søknadar. 19 av dei har fått positivt svar, medan seks har fått avslag. Dei siste 11 søknadane ligg på vent, seier han.

Dei som har fått negativt svar på søknaden, har eit årleg straumforbruk på under 25 000 kilowattimar, som er minstekravet, ifølgje Bremer. I tillegg må 70- 80 prosent av straumen som blir produsert på anlegget, nyttast på garden.

– I Rogaland er situasjonen meir prekær. Her er det kome inn 78 søknadar, og 59 har fått positivt svar. Det er prosjekt med solceller, bioenergi, altså flis eller ved, varmegjenvinning, bergvarme, og biogass på gardsnivå.

Landbruks- og matdepartementet ønsker at anlegg med bioenergi skal prioriterast.

– Bergvarme, til dømes, er ei kostbar investering på mellom éin og to millionar kroner. Me prøver å gi desse prosjekta ei god finansiering, seier Bremer.

I prosjekt med solcellepanel er økonomien oftast god.

– Dette er enkle anlegg med liten risiko, seier Bremer.

Innovasjon Norge har ikkje høve til å gi finansiering til vindmølleprosjekt.

– Det har samanheng med at pengepotten er avgrensa. I tillegg er det økonomisk gunstig med vindmøller der forholda ligger til rette for dei, seier Bremer.

Neste år vil fleire få positive svar på søknadene sine.

– Det er løyva 50 millionar ekstra til potten for fornybar energi neste år. Dette er eit resultat av jordbruksoppgjeret. Det betyr at Innovasjon Norge har 150 millionar kroner til desse prosjekta i 2023, seier Bremer.  

Stikkord denne saka: