HØYR!

Forundra over budsjettforslaget

16. oktober 2020

Tiltak som me får igang no, dei første åra, får effekt alle påfølgande år fram til 2030.

Lars Petter Bartnes er skuffa over manglande klimamidlar frå regjeringa. – Det hastar å redusere utslepp, seier han.

Jane Brit Sande

I fjor vart regjeringa og bondeorganisasjonane samde om ein intensjonsavtale om å arbeide for reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket fram til 2030.
Førre veke kom forslag til statsbudsjett for 2021. Bondelaget, som på førehand hadde jobba med regjeringa for å sikra ekstraordinær løyving til investeringsstøtte, meiner no at regjeringa ikkje følgjer opp behovet for nye klimaverkemidlar i landbruket. Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes meiner at det er behov for økonomiske verkemidlar for å utvikla meir teknologi i landbruket.

– Eg er forundra over manglande bidrag i budsjettforslaget. Me bad om ei forsterka løyve på 300 millionar kroner til Innovasjon Norges investeringsmidlar. Eit slikt tiltak ville gitt investeringar i landbruket på rundt ein milliard, og skapt betydeleg aktivitet i privat sektor – utanfor landbruket, seier Bartnes.

– Tar Bondelaget sjølvkritikk for gjennom klimaplanen å ha pressa klimasatsinga for langt og for fort, slik at bøndene nå risikerer å få urimelege krav og kostnader utan statleg draghjelp?

– Klimaavtalen er ein viktig avtale. Den regulerer det ansvaret jordbruket har til å bidra til klimagassreduksjon og avklarar at jordbruket ikkje skal ileggjast avgifter, eksempelvis nitrogen- og CO2- avgift. Det meiner Norges Bondelag er viktig, for me er ei konkurranseutsett næring, seier Bartnes.

– Klimateknologi er eit av satsingsområda i landbrukets klimaplan. Bartnes seier at å utvikla og ta i bruk ny teknologi som gir effekt vil spele ein vesentleg rolle i redusera klimagassutsleppa.

– Landbruket, både i Noreg og internasjonalt, kan ha interesse av teknologi som blir utvikla her til lands. Nofence er eit godt døme på innovasjonsmidlar som har blitt nytta til teknologiutvikling, seier han.

– Er det ikkje mogleg å driva meir klimavenleg på gardane, med dagens teknologi?

– Det er fullt mogleg. Til dømes kan ein del av maskinparken på gardane konverterast frå fossilt til biologisk drivstoff. Ein kan også gjera som storbilbransjen, der dei har lært opp sjåførane i ein køyrestil som nyttar mindre drivstoff. Dette er både økonomisk og utsleppsreduserande, seier Bartnes.

Bondelagsleiaren synest det er vanskeleg å seia konkret kva klimatiltak som hastar mest, då behova er ulike på kvart bruk.

– Generelt hastar det å redusera utslepp. Tiltak som me får igang no dei første åra, får effekt alle påfølgande år fram til 2030. Visst me ikkje tar grep no i starten, blir det tøffare dei siste åra, seier Bartnes.