MOLDROK

Frå tradisjonelt til kompostmoderne

Foto: Istock

Kva kjem etter det postmoderne samfunnet? Eg har fått dette spørsmålet mange gongar når eg har halde foredrag om trendar i tida og utviklingstrekk framover. I den komande Jordboka II gir eg svaret med å introdusera eit nyord: Me må inn i den kompostmoderne framtida. Tida då ressursar må sirkulera, då det meste må setjast saman på nytt. Ikkje minst vårt forhold til naturen. Me må gå frå å øydeleggja, via å reparera, til det å byggja natur.

Historia om komposten er på mange vis ei historie både om landbruket og mennesket sitt forhold til naturen dei siste hundreåra. I denne finn me sentrale forklaringar på kvifor me har hamna i dagens kritiske situasjon for miljø og klima, men den gir oss også svar på korleis me eventuelt kan koma oss vidare.

Det er ei historie i fire akter:

Første akt:

I det tradisjonelle bondesamfunnet komposterte me det meste av organisk materiell. Me hadde ikkje anna val om ein skulle overleva. I fleire av dei gamle landbruksbøkene eg har ståande i hylla, er det å kompostera nærast som eit moralsk imperativ å rekna. Den som ikkje komposterte biorestar sløste, med ressursar så vel som med pengar. Å leggja organiske restar til sides for etter kvart å leggja i kompost, er som å leggja pengar på ei sparebøsse, les eg i ei av dei. Den som sparar litt kvar dag, får til slutt ei formue.

Andre akt:

Med det såkalla «store hamskiftet», overgangen frå tradisjonssamfunn til modernitet, tok dette slutt. No skulle ein «brenna den gamle driten», eventuelt køyra den på myra. Lokale skilnader skulle utraderast. Standardisering, store ideologiar og samlebandproduksjon rådde grunnen. Enkeltmennesket blei «tannhjul i samfunnsmaskineriet». Det kunne bytast ut. Vekstideologien og framtidsoptimismen dominerte. Maskinar, gift og kjemi skulle redda verda. «Framsteg» skulle målast i pengar, ikkje i innsikt og visdom. Industrialiseringa fekk fart også i landbruket.

Og med den effektiviseringstanken, den som har rådd næringa som kombinert mareritt og arvesynd i ettertida: Ideen om at større og færre einingar alltid er betre, ideen om at du aldri er stor eller effektiv nok.
Natur vart utbyttingsobjekt nummer éin. Me brukte etter kvart langt meir ressursar enn det naturen evna å fornya. Resultatet vart ei raskt veksande miljøkrise: den eine ureiningsskandalene etter den andre, katastrofale tap av matjord og rasering av det biologiske mangfaldet. Ja til og med klimaet på planeten klarte me etter kvart å påverka.

Tredje akt:

Det postmoderne var eit nytt hamskifte, ein reaksjon på moderniteten sin reduksjon av enkeltmennesket. Også dette skiftet snudde om på det meste. Samlebandet blei pensjonert. I staden fekk me alle «identitet» og skulle bli «spesielle» og «unike». Det lokale vart «eksotisk» og kom igjen i fokus. Tradisjonsmat vart trendy. Kulturarv blei storindustri.

«Plikta» var også utgått på dato. Lysta og interessa kom i staden. Ein tok ikkje lenger over garden fordi alle generasjonar før ein hadde gjort det og fordi det vart forventa av ein, men fordi det var gardsdrift ein «interesserte seg for».

Livsstilslandbruk og livsstilsflyttar vart nye omgrep i det offentlege rom. «Småbruk» vart det mest populære søkeordet på Finn. Ein skulle leva det livet ein drøymde om, og busetja seg på den staden der ein kunne leva ut draumane og interessene sine.
Gift- og kunstgjødselfrie driftsformer kom på ny i fokus i landbruket, og økologiske arealmål blei del av landbrukspolitikken. Komposten fekk også ein slags renessanse, ikkje minst ved veksande interesse for hagedyrking og heimeproduksjon av grønsaker.

Samtidig skulle den «frie marknaden» danna bakteppe, og den «frie forbrukaren» («brukaren» i det offentlege) styra utviklinga. Forbrukaren blei den viktigaste aktøren i det postmoderne landskapet. Forbrukaren av i dag har eit tilsynelatande endelaust sett av rettar. Plikter har han derimot ikkje.

Konsekvensen av postmoderniteten vart difor «bruk-og-kast-samfunnet». At forbrukaren aldri er nøgd, men alltid krev større, nyare, billegare, fleire, er den sentrale motoren i økonomien i dag.

Forbrukarrolla er rett nok årsaka til at «økomat» og «lokalmat» har hatt ein stor vekst det siste tiåret. Det finst definitivt ei veksande kundegruppe for slike tilbod. Men diverre utgjer desse framleis eit lite mindretal. For forbrukarane, og då det store fleirtalet av dei, er også hovudårsaka til at det modernistiske, miljøøydeleggjande industrilandbruket framleis held landbrukspolitikken og den såkalla «tradisjonelle» bonden i eit iskaldt jarngrep. Dette landbruket gir jo forbrukaren det forbrukaren verkar å ønskja seg aller mest; «billeg mat»!

Paradoksa står i kø her. Postmoderniteten var i si tidlege fase eit opprør for miljøet. Tidsalderen enda likevel opp i å gjera det meste verre.

Fjerde akt:

Så kva no? Vel, eit tredje hamskifte ligg føre oss. FN sitt klimapanel fortel at me må gjera større endringar på kort tid enn menneskeslekta nokosinne har gjort dersom denne planeten skal ha ei grøn framtid.

Komposten kan stå som symbol på det forhold me må oppnå både til den levande matjorda og resten av den ikkje-menneskelege verda. Den som komposterer står midt i og påskundar naturen sine aller mest skapande prosessar, trillionar på trillionar av mikroorganismar si omdanning av det visna og utbrukte til nytt liv.

Å kompostera kjem av det latinske componere, og betyr å setja saman på nytt. Det er det me no. Legg merke til uthevinga. Me måtte mindre og mindre i forbrukarsamfunnet. Det frie valet rådde. No må fridomen til å øydeleggja natur setjast til side. I staden må me sirkulera og kompostera. Me må bygga opp att det me har rive ned.

I den kompostmoderne framtida må mennesket finna si produktive rolle i naturen. Me må skapa utan å øyda. I Jordboka II skriv eg om regenerativt jordbruk. Å regenerera er å fornya. Dette er eit jordbruk som spelar på lag med og legg aktivt til rette for at naturen får fornya seg sjølv. Det er dit me må. Og den som lærer seg å kompostera er alt på god veg.

 

Dag Jørund Lønning
professor og rektor ved HLB, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Share This