HØYR!

Fram med plogen?

5. april 2023

Foto: Jane Brit Sande

Det er ikkje berre å trumpe på med frø.

Toget går snart for deg som vil berge den glisne grasenga med direktesåing i vår. – Tradisjonell jordarbeiding og attlegg, blir dermed det beste alternativet, i følgje Geir Paulsen.

Sjur Håland

Avdelingssjefen for såvarer hjå FKRA seier grasfrø til ein akseptabel pris også i år har ført til at mange grovfôrproduserande bønder på Sørvestlandet har planlagt å så frø i tynn grassvor.

– For å lukkast med dette, er det viktig å vere tidleg ute med direktesåing for å få god utteljing.

Men vêret har ikkje spelt på lag, det har vore krevjande å kome ut på jordene med såmaskin under gode forhold, som inneber at du får frøa i kontakt med fuktig jord slik at dei spirer. Paulsen erfarer at det er eit fåtal som har fått direktesådd i enga i vår.

– Det er ikkje berre å trumpe på med frø. Du må venta på laglege tilhøve. Nå byrjar det å bli seint å rekna med den aller beste effekten av i-såing, særleg i såingsåret. Dermed er det ein del bønder som eigentleg startar sesongen med litt for tynne kjelver.

Gammal og tynn eng, gir lite att. Prosjektet Grovfôr 2020 synte at snittalderen på eng er 6,4 år.

– Eit forsøk i NLR-regi syner at avlingsnivået på eng på sjette året er redusert til kring halvparten i høve til første engåret, men her er store skilnadar. Du kan også finna ei eldre eng som gir svært gode avlingar.

Paulsen seier at såfrø har blitt dyrare som alt anna.

– Men framleis er det slik at frø berre utgjer ein liten del, kring fem prosent, av den totale fôreiningskostnaden i grovfôret ditt.

Å ha eit høgt avlingsnivå på kring 1.000 kilo tørrstoff per dekar er lønsamt, i følgje Paulsen.

– Høgare avling per dekar gir lågare kostnad per fôreining, i tillegg også mindre avrenning og ureining.

– Kva skal ein då gjera om ein har ei eldre eng med mykje kveke og anna ugras, som ein ikkje har fått sådd i?

– Då vil eg seia at det beste vil vera å pløya eller gjennomføra ei tilsvarande jordarbeiding. Det er ein god ide å samstundes kalka slik at du får ein pH på 6-6,5, særleg om du legg att enga med kløver i blandinga eller har erter til grovfôr. I tillegg vil jord i god kalktilstand drenere betre. Dreneringseigenskapane blir viktigare enn nokon gong før.

Skulle du velja å la den gamle enga stå, sjølv om du ikkje har sådd i, kan du vurdera å så i eittårig raigras i haust.

– Eittårig raigras sådd om hausten kan overvintre i milde vintrar og gi svært god utteljing året etter. Dette kunne nok fleire prøvd ut.