MI MEINING

Framleis farleg å vera bonde

Arnstein Kartevoll, Arbeidstilsynet.

 

Uføresette hendingar kan bryta rutinane. Har du HMS bak pannebrasken vil det hjelpa. Også når det uføresette skjer.

– HMS-arbeidet i landbruket fungerer, men statistikken opnar ikkje for å legga inn kvileskjer, understrekar Arnstein Kartevoll frå Arbeidstilsynet.

Sjur Håland

Talet på dødsulukker i landbruket går ned. Det same gjeld talet for rapporterte skader. I fjor var talet på dødsulukker i landbruket tre. Året før omkom fire personar. SSB sin skadestatistikk for 2015 og 2016 syner også ein positiv trend. Seniorinspektøren hjå Arbeidstilsynet Vestlandet arbeider med arbeidsulukker og har landbruk som spesialfelt. Han har sett mange ulukker.

– For mange. Det gjer at eg mykje heller vil vera i førekant, seier han. Statistikken syner framleis høge skadetal, men ein positiv trend kan sporast.

– Kva er verstingområda?

– Åleinearbeid er ofte ei utfordring. Korleis ein sikrar seg i slike situasjonar må koma fram i HMS-planen. Vidare vil eg halda fram ulukker i samband med flytting og behandling av dyr, og ulukker i samband med bruk av store maskinar. Svært teknisk avanserte maskinar er ei utfordring som krev dokumentert opplæring og at du les bruksrettleiinga. Du kan vera trøtt etter mange timar med arbeid. Uføresette hendingar kan bryta rutinane. Har du HMS under pannebrasken vil det hjelpa. Også når det uføresette skjer.

Kartevoll peikar på enkle tiltak. Som å bruka setebeltet i traktoren og vera klar over daudvinklane og syta for å halda folk unna når store maskinar er i drift. Han peikar på den grunnleggjande kunnskapen om at ein gris kan bita, eller ei ku kan angripa når du flyttar den nyfødde kalven.

– Les dyresignala. Ha alltid ein rømmeveg og rømmeplan. Lukk fôrluka, fest stigen i toppen på tårnsiloen og sikre området rundt gjødselkummen. Eg fryktar ei drukningsulukke i desse gjødselkummane. Det må ikkje få skje.

Verksemdsleiarar har krav om å læra opp tilsette i HMS på eit språk som arbeidstakaren meistrar.

– Dette kravet gjeld også bøndene og det blir sjekka under tilsyn. Manglar opplæring vil bonden få beskjed.

– Har du døme på slik opplæring?

– Om den tilsette til dømes skal kjøra finsnittaren, kan du saman med vedkomande gå gjennom instruksjonsboka for maskinen. Etter gjennomgangen synar ho eller han deg kva han har lært før de begge kvitterer i instruksjonsboka for at opplæring er gitt.

Kartevoll er tidlegare bonde og har følgt landbruket gjennom fleire tiår. Han ser at yngre bønder som tek over garden kjem gjerne frå ein arbeidsplass der HMS er ein implementert del av kvardagen.

– Dei tenkjer gjerne HMS på garden frå dag éin. Også fleire kvinnelege bønder har bidrege til meir merksemd på HMS.

– Kva med utanlandsk arbeidskraft?

– Det har dessverre vore ein del ulukker der arbeidarar frå andre land har vore involvert. Grundig kommunikasjon og forståing for ulike kulturar og haldningar må liggja til grunn for ein trygg arbeidsplass.