MI MEINING

Fryktar fleire plastbål

4H har freista å koma i dialog med Westco, men dei rikker seg ikkje.

Sven Følgesvold er uroa for fleire miljøskadelege bål, dersom ikkje 4H får betre betalt for å samla inn landbruksplastikk.

Bothild Å. Nordsletten

– Kuttet kom for eit drygt år sidan, seier Sven Følgesvold.

18-åringen er med i Fjellbygdå 4H på Sviland og sit i fylkesstyret for 4H i Rogaland.

– Me leier containar og gjer innsamlinga kjent for lokale bønder. Dei leverer inn plastikken gratis til oss og får ei kvittering for å ha levert plasten på rett måte. Så hentar innsamlings-og gjenvinningsselskapet Westco plastikken. Westco betalar oss 400 kroner tonnet. Før fekk me 600. Reduksjonen kjem som følgje av at Westco igjen får mindre betalt for plastikken dei leverer til Grønt Punkt Norge.

– Kva er konsekvensane av prisreduksjonen?

– Det er jo veldig demotiverande. Mange av bøndene som kjem til oss med plastikken, gjer det for nettopp å støtta 4H. Hadde dei mått køyra plasten til ein annan plass, hadde dei truleg berre brent den i staden for. For 4H-klubben min har denne ordninga utgjort ganske mange tusen kroner til klubbkassa. Mengda plast har auka dei siste åra. Me samlar inn 50-60 tonn i året fordelt på to innsamlingar, alt på dugnad. Me må betala for leige av containerar. No har me berre to tredelar att av fortenesta.

Følgesvold fortel at andre 4H-klubbar i fylket må leiga dyrt utstyr som gravemaskinar og kompaktlastar Det er ikkje gitt at dei får inn like mykje plast som klubben på Sviland. Då blir det lett dårleg butikk.

– Nokre lag har kutta ut ordninga og fleire tenkjer på det same, grunna liten forteneste. Det er eit stort tap for den einskilde 4H-klubben, seier Følgesvold.

– Kva kan gjerast for å hindre at 4Hklubbar avviklar tilbodet?

– Grønt punkt Norge bør sjå kor naudsynt det er at 4H-klubbane samlar inn plast. Dersom me ikkje gjer det, blir plastikken brent. Det tener ingen på.

– Kva bør bøndene gjera, i staden for å setta fyr på avfallet?

– Dei må ringa til Westco og spørja om dei får levera hjå dei. Men bonden får ikkje betalt, det gjer berre 4H. Det er synd at ein frivillig organisasjon skal gå glipp av slike inntekter. 4H har freista å koma i dialog med Westco, men dei rikker seg ikkje. Dersom støtta til 4H blir kutta endå meir så kan det fort henda at me legg ned tilbodet. Det er frykteleg mykje arbeid å organisera ei plastinnsamling. Konsekvensen er fleire plastikkbål.

Share This