HØYR!

Fryktar for veterinærordninga

29. oktober 2021

Eg trur tida er moden for å fjerna seminteknikaren i grisgrendte strok.

 

Husdyrbøndene i Tysvær, Bokn og Skjold er uroa for veterinærordninga si framtid i kommunen.

Jane Brit Sande

Fire av fem veterinærar hjå Ståle Hustoft og dei andre bøndene i Tysvær, Bokn og Skjold, skal slutta som praktiserande veterinærar, og dermed blir også vaktordninga råka. Det uroar bøndene.

– Både bøndene, organisasjonane våre og kommunane er samde om at dette er ei utfordring som må løysast. Problemet er berre at ingen veit korleis, seier Hustoft.

– Det er kommunen som har ansvaret for å dekka inn vaktordninga, men for oss bønder vil dette også føra til ei utfordring på dagtid, seier han.

Mange nyutdanna veterinærar går til smådyrpraksis, eller vel jobbar i slakteri eller hjå Mattilsynet.

– Fullt forståeleg, då desse jobbane gir arbeidstider som ein lettare kan kombinera med eit familieliv. Men landbruket får ei utfordring, då tilgangen på veterinærar som er interessert i å jobba med produksjonsdyr, blir dårleg, seier han.

Færre bønder og større einingar betyr også at behovet for veterinær endrar seg.

– Før var me fleire bønder med mindre besetningar, og veterinærane hadde fleire besøkspunkt. No er me færre, og behovet for veterinær på dagtid er derfor også mindre. Det gjer at færre veterinærar skal dele på vaktordninga, forklarar Hustoft.

– Hjå oss bør dei vere minimum fire veterinærar som deler på vakta for å få ein turnus som er til å leva med, seier han. Det er godt samarbeid med nabokommunane, men det løyser ikkje veterinærmangelen, seier bonden.

– Fleire område her på Haugalandet er i same situasjon, og då kan me ikkje låna veterinær av nabodistrikta, seier Hustoft.

Hustoft seier at fleire rutineoppgåver bør leggast til veterinærtenesta.

– Eg trur tida er moden for å fjerna seminteknikaren i grisgrendte strok. Det ville gitt meir arbeid til ein veterinær. Dette er upopulært i næringa, men me må gi dei ordinære veterinærane det arbeidet som er, seier han.

Han er glad for at arbeidet med dyrevelferdsprogramma blir lagt på veterinærtenesta.

– Det gir dei lokale veterinærane enda ein fot å stå på, dei må ha nok arbeid til fem dagar i veka. Ordninga har nok også sine ulemper, men det bidreg til meir arbeid, seier Hustoft.

Bonden trur hans distrikt vil vere ein god start for ein nyutdanna veterinær.

– Bondekollegaane mine er ein raus gjeng, som vil gi nyutdanna veterinærar rom til opplæring. Bøndene er kompetente, og kan og vil bidra. Ingen ventar eller krev at du, som nyutdanna, er som ein veterinær med 20 års praksis, seier Hustoft.