HØYR!

Gir bort mat som dyrefôr

Vårt mål er å ha bare norske landbruksvarer heile året

Denne veka opna Coop butikkane for tørkeramma bønder som treng ekstra fôr til dyra. – Me gjer det me kan for å bidra, seier kommunikasjonsdirektør i daglegvarekjeda, Bjørn Takle Friis.

Bothild Å. Nordsletten

– Tørkekrisa er veldig trist. Me prøver å bidra til at det kan bli betre, seier Friis, og ramsar opp fleire tiltak.

– Me har byrja å selje poteter som grunna tørken er mindre enn vanleg. Bøndene fortel oss at dei har 20 prosent fleire småpoteter i år enn vanleg. Dei får like mykje betalt for desse, som for dei større. Tiltaket held me fram med så lenge sesongen varar. I tillegg er me villege til å ta inn gulrøter med ukurant storleik, om det blir overproduksjon av dei.

– Andre ting?

– Denne veka sette me i verk ei ordning der bøndene kan koma i alle butikkar og lager og henta brød, frukt og grønt som er utgått på dato, og som dei kan nytta til dyrefôr. Me har ordna med bioplastposar, slik at restprodukt kan kastast til gjenvinning. I tillegg har me lova å bidra til at det ikkje blir noko kjøtberg som følgje av mykje slakting.

– Coop Gotland har ein kampanje der dei tek inn berre lokalt eller svensk kjøt for å støtta sine eigne bønder. Kvifor marknadsfører ikkje de ein tilsvarande kampanje?

– Det kan me vel tenkja på. Det er eit godt innspel.

– Kor mykje utanlandsk kjøt og ost sel de på eit år?

– Eg har ikkje tal, men det er ikkje veldig mykje kjøt, iallfall. No har me stort sett berre norsk, kanskje ein og annan frosen pampasbiff i ein frysedisk.

– Importen av kjøt og mjølkeprodukt aukar. Vil det bli fleire eller færre utanlandske varer i butikkane dykkar framover?

– Vi trur det blir mindre. Det er ein trend. Me ynskjer ein stadig større del norske varer. Vårt mål er å ha bare norske landbruksvarer heile året, av dei varene som kan produserast her. Me har alt meir norske grønsaker enn konkurrentane, tar til dømes inn meir norsk agurk enn dei og barrieren vår for å importera er høgare. Dette har me tru på, og det gir oss eit godt forhold til bøndene.

– Mykje tyder på meir ustabilt vêr i framtida. Korleis førebur ein daglegvarekjede seg på meir ujamn varetilførsle?

– Det gjer me i tett samarbeid med leverandørane våre. Det handlar om god planlegging og langsiktige kampanjar, sjølv om det somme gonger er uråd å vera i forkant. Me trur og håpar det ikkje blir fleire slike somrar.

– På Facebook-sidene dykkar finn me ei saleg blanding av oppskrifter og sponsa sportstalent. De skulle ikkje hylla den norske bonden, òg?

– Det kunne me godt. Det er òg eit godt innspel, det skal me byrja med. Lat oss hylla den norske bonden!