HØYR!

– Gjeld ikkje berre mjølkefjøs

7. mai 2021

Det kan verka som om alt handlar om mjølkekua.

– Ikkje gløym at kravet om lausdrift frå 2034 også gjeld for ammekuprodusentar med dyra sine på bås, seier Ivar J. Ognøy.

Sjur Håland

I samband med diskusjonen kring ekstra investeringspakke for omlegging frå bås til lausdrift i 2034, nytta Ognøy, som er lokallagsleiar i Bokn Bondelag, høvet til å minna om at det ikkje berre er mjølkekyr som skal over i lausdrift frå 2034.
Bonden driv med tradisjonell mjølkeproduksjon i båsfjøs, saman med oppfôring av eigne oksar og sau. Han har ikkje ammekyr sjølv, men er oppteken av at kollegaar med denne produksjonen må inkluderast og synleggjerast når investeringsbehovet skal kartleggjast.

– Det var eit innspel frå ein ammekuprodusent som etterlyste meir merksemd på ammekuproduksjonen i samband med lausdriftskravet som fekk meg til å reagera. Eg må berre gi denne kollegaen rett i at me ikkje er flinke nok til å inkludera denne produksjonen, seier han.

Nibio har rekna at det totale investeringsbehovet i driftsbygningar som må over til lausdrift til å ligga ein stad mellom 18 og 22 milliardar kroner. I kravdokumentet frå Jordbrukets forhandlingsutval kjem det fram at 60 prosent av besetningane og 47 prosent av mjølkekyrne står i båsfjøs som må byggast om. Ammekua er ikkje nemnd med eitt einaste ord, noko også Tyr sin styreleiar er kritisk til i ein kommentar til kravdokumentet på organisasjonen si heimeside. Ognøy meiner desse bøndene ofte kjem i bakgrunnen.

– Gjennom media, og også i diskusjonane i landbrukskretsar, kan det verka som om alt handlar om mjølkekua. Slik er det jo ikkje. Det er mange tidlegare mjølkefjøs rundt om i landet som i dag husar ammekyr på bås, seier han.

– Trur du rett og slett at bønder og landbruksnæringa elles ikkje er klar over at lausdriftskravet også inkluderer ammekyr?

– Det står svart på kvitt at alt storfe skal over i lausdrift frå 2034. Dersom me ikkje får ein investeringspakke med midlar som også gjer det lønsamt for ammekuprodusentane å legga om, vil det vera ganske så store volum med norskprodusert storfekjøt som forsvinn, for å seia det på den måten. Dette kan ikkje vera meininga, seier han.

Ognøy oppmodar landbruket sine aktørar, inkludert Tyr, Bondelaget og Småbrukarlaget til å arbeida for å synleggjere ammekuprodusentane i debattane om lausdriftskravet framover. Også etter jordbruksoppgjeret.

– Her har me alle eit ansvar for å vera tydelege på at ammekuprodusentane utgjer ein viktig del av grunnlagsmaterialet for berekning av investeringsbehovet, seier Ognøy.