HØYR!

Glansbilete slår sprekker

1. desember 2023

Dyrevelferd treng ikkje kosta pengar.

Arnfinn Landa meiner bønder må bry seg like mykje om dyrevelferd som om løn. – Det hadde vore positivt for dyrevelferda om enkelte var like aktive på garden som på sosiale media, seier han.

Liv Kristin Sola

Arnfinn Landa meiner forbrukaren er i ferd med å avsløre at det ikkje står så godt til i norske fjøs som næringa vil ha det til. Landa er tidlegare bonde med erfaring frå sau, gris, mjølk og hest, og reiste i mange år på tilsyn for Mattilsynet.

– Eg har sett alt frå det beste til det verste. Dei fleste veit kva hestar dei har i traktoren og kor brei harv dei har. Men somme veit knapt kor mange dyr dei har, og kva dei presterer. Ein dyktig bonde ser og dekker dyra sine behov. Og den beste rådgivaren er dyret sjølv. Eg er ikkje i tvil om at god dyrevelferd og god plass gir friske dyr som produserer godt og bidreg økonomisk.

Landa meiner heile næringa blir råka for kvar ny dyrevelferdssak. Dei få øydelegg for mange, fordi næringa sjølv ikkje tek eit oppgjer med det.

– Det kjem fleire saker, garantert. Konsekvensen er stadig fleire kontroll- og velferdsprogram. Fleire skjema. Ein blindveg som skapar mykje støy, utan å gje meir velferd, seier han.

– For kva skjer? Ei samla næring, opp til høgste nivå, unnskylder og vekkforklarer og legg lokk på problemet. Har du ikkje interesse, bør du heller ikkje bli bonde, så enkelt, seier Landa.

Han meiner næringa har eit haldningsproblem, som driv forbrukaren over til dyrevernorganisasjonane.

– Det er steingale at det er Dyrevernalliansen som driv fram god dyrevelferd. Det skulle vore bøndene si oppgåve. Men Bondelaget er alltid imot forslag til betre dyrevelferd. Om dei ikkje får stoppa det, så skal dei i alle fall utsette det, seier han.

– Det handlar vel om kostnad?

– Det blir feil fokus. Forbrukarane merkar seg at bøndene strittar imot endringar til det betre for dyra. Dyrevelferd treng ikkje koste pengar. Du må sjå og forstå dyra dine, bruke tid og ha auga med deg. Du må følgje med på kva som skjer, kvifor det skjer, og så du må gjere noko med det før det blir eit problem.

Landa nemner døme som auka tilvekst hjå oksar som har liggebåsar og betre plass. Eller meir strø og grovfôr til grisane.

– Det er det mange som nektar, får det ikkje til. Men det er ikkje grisen som skal tilpasse seg fjøset. Det er motsett. Enkelte bønder får til alt. Andre ser berre problem, og har tusen unnskyldningar for å vike unna, seier Landa.

Sjølv valde han bevisst å gi kraftfôr med ause.

– I to sekund ser eg kua i auga. Då fortel ho meg korleis ho har det. Landa trur det er tungt for dei som driv godt når debatten kring dyrevelferd blir så negativt lada.

– Du blir sjikanert for å vere positiv. Det er sjølvskading. Tenk kva det gjer med ungdommen! Ta stoltheita tilbake og snakk fram god dyrevelferd. Ikkje motarbeide det. Og lær barna dine å forstå og bli glad i dyra, før du set dei i traktoren.