BOKMELDING

God barnebok om poteta

29. januar 2021 | Dessutan

Superkjendis: Kjær knoll har mange namn. Lise Osvoll har sjølv illustrert si eiga bok. Foto: Trykt med løyve frå Cappelen

Poden kan læra mykje om knollen som redda Noreg ved å lesa Lise Osvolls «Superpoteten».

Åsmund Bjørnstad

Det finst etterkvart ein skare med barnebøker om naturvern, klima og bærekraft, og somme om mat av mange slag. Barnebøker om plantene og dyra vi har på tallerken, finst knapt. Også skulen teier.
I den store fagfornyinga får orda «jordbruk », «fiskeri» eller «skogbruk» null treff. Når «Bærekraftsbiblioteket» tilrår H.C. Andersens «Piken med svovelstikkene » som barnebok om Bærekraftsmål nr. 2, «Utrydd svolten», syner det mest mangelen. Diverre er Norheim og Holmbergs framifrå Potetboka (Samlaget 1993) for lengst utseld.
Men Lise Osvoll har sett mangelen. I Supertorsken. Fisken som bygde Norge (Cappelen Damm, 2019) fortel ho – med eigne illustrasjonar – om torskens biologi, plassen i norsk historie og på norske og utanlandske bord. I fjor serverte ho Superpoteten – knollen som reddet Norge. Her fortel ho om dagens potetsortar, om kokefaste og mjølne, om chips, frittes og næringsinnhald.

Lise Osvoll: Superpoteten. Knollen som reddet Norge. Cappelen Damm, 2020.

Med tvang og lovsong

Så kjem forteljinga om ferda frå Sør- Amerika til Europa på 1500-talet og korleis C-vitamin i poteta snart berga sjøfolk frå skjørbuk. Likevel måtte kongelege, geistlege og lærde føregangsmenn (og -kvinner, som Teresa av Avila!) lokke eller tvinge bøndene til å prøve den nye knollen.
Born (og vaksne) lærer korleis den frå 1800 berga ernæringa også i vårt land – med kaloriar og protein. C-vitamin var truleg like viktig, for gravide og spedborn. Born får vite at haustferien før heitte potetferie, og kvifor vi i dag berre får fire prosent av kaloriane gjennom poteter. Men, fordi poteta er den første planten dyrka i verdsrommet, lar forfattaren Supermann slutte med påminninga: «Hvem vet når Superpoteten slår til igjen?»

Ei Norgeshistorie

Som sagt, slik kunnskapsformidling er mangelvare. Måtte bibliotek, besteforeldre, bondelag, 4H o.s.b. kjøpe inn boka og bruke ho. Med Superpoteten kan lærarar i skule og barnehagar fortelje ei Norgeshistorie – og slett ikkje den minste. Ho kan som tema supplere fag som Mat og helse, så vel som naturfag.

Kor er den irske hungeren?

Etter lovorda må eg òg nemne manglar. At bøndene var skeptiske i 200 år, kom av utpinte jordsmonn og at knollane mogna først seinhaustes, så plantene fraus. Dessutan var det i den vesle istida (ca.1300 til ca. 1850 red.merk.). Berre i det frostfrie Irland blei ho straks folkeføda. Den fryktelege hungeren tørròten skapte der i 1845-46, er ikkje nemnd. Først då poteter tilpassa lange dagar kom frå langt sør i Chile, tok dyrkinga av (godt hjelpt av spritbrenning).
Det artige kartet i boka med Europas potetnamn skulle fått med at ikkje alle nordmenn seier «potet». Mange seier jordeple, eller «eple», til skilnad frå «søteple»!
Boka fortel levande om potetdyrkinga under dei to verdskrigane. Slottsparken vart pløgd opp i 1917, året Hamsun skreiv sin lovsong til poteta (nemnt utan hans namn i boka). Historia om då fangar på Grini fråtsa i stolne grisepoteter, skulle born fått høyre. Forfattaren viser til kjelder og fagleg hjelp, men nyare bøker, som Det var en gang en potet (tidsskriftet Jord og Gjerning, 2008), kunne gjort boka rikare. Slikt, og at stilen iblant er vel tung for små som skal lese sjølv, kan forfattar og redaktør rette i neste opplag.

Stikkord denne saka: