HØYR!

God førebuing er halve jobben

Får eg to timar, så er eg pigg att.

Femti års erfaring med sau har lært Reidar Kallestad at det er smart å ha alt klart før lamminga startar.​

Anne Rivenes, frilansjournalist

– Det stod på i eitt i natt og no i morgontimane, så eg håpar eg snart har tid til frukost, seier Reidar Kallestad, som har drive med sau i om lag 50 år.

Då har ein lært kva gode rutinar betyr. På garden Kjeilen, i Alver kommune har han og Anne Kristin Tonning 150 NKS og 200 utegangarsau som no er midt i lamminga. Snart halvparten har levert, og Reidar har så vidt tid til å svare telefonen.

– Det gjeld å vere i forkant og godt førebudd til lamminga. At ein har alt utstyr som trengst, og at ein har plass til dyra. Slik veret er i år, med sommarvarme, byrjar eg å sleppe ut dyr alt i dag. Det er heilt annleis dei åra ein får dyra tidleg ut og slepp å fôre dei inne, seier Kallestad.

– Og så må ein passe godt på, særleg når det kjem mange lam på ein gong. I går fekk me 17 lam på fem sauer på ein augneblink, og då skal du vere på høgget. Fosterteljinga er heilt avgjerande for meg, når ein får mange lam, sjølv om det ikkje alltid ein har nokon å setje under. Men me har så godt sommarbeite på Hardangervidda at eg let vaksne sauer gå med tre lam, og åringar med to, seier Lindås-bonden.

Ein skal helst ikkje ha for høge lammetal, og samstundes er det avgjerande for økonomien at ein klarar å fø fram alle lamma ein får.

– Når det gjeld fødselshjelp er eg flink og nøye, og har ikkje hatt dyrlege til no i lamminga. Hanskar brukar eg konsekvent, og Optima-gele i rikelege mengder. Det er med å gjere helsa til sauen betre. Med NKS har me fått ein sau som produserer godt, men den treng ein del oppfølging i denne tida. Utegangarsauene klarar seg betre sjølve, og dei får gjerne berre éin til to lam.

– Før lamminga startar, gler du eller gruar du deg?

– Eg gler meg, og eg veit kva eg går til. Det går ikkje an å grue seg, for då vert det trasig. Men at det er vårens vakraste eventyr kan no diskuterast, når ein går der og er trøytt. Heldigvis treng eg lite søvn. Får eg to timar, så er eg pigg att.

Kallestad er leiar i Hordaland Sau og Geit og har mykje kontakt med medlemmene. No før jordbruksoppgjeret tek mange kontakt og er uroa.

– Det er for dårleg økonomi. Eit årsverk i sauehaldet er betalt med vel 200.000 kroner, og det er ikkje mange som ligg på det nivået i landet vårt. Eg fryktar for landbruket vårt, og at fleire legg ned drifta dersom det ikkje vert eit brukande oppgjer. Noreg har bruk for matproduksjonen, og Vestlandet eignar seg til husdyrdrift. Me er velsigna med enorme utmarksbeite og omtrent ikkje rovdyr.