HØYR!

– Grasrota skal også bli høyrt

8. november 2019

Foto: Privat

Slik medlemsmøta er no, liknar dei meir på orienteringsmøte

– Dei tillitsvalde si oppgåve er å vere ute og snakka med produsentane, og formidla oppover, ikkje feia vekk kritikk med arroganse, seier mjølkebonde Arne Manger.

Jane Brit Sande

Arne Manger, mjølkeprodusent på Lesja i Gudbrandsdalen, hadde nyleg ei så dårleg oppleving under eit møte i produsentlaget, at han vurderte å ikkje stilla på møte igjen.

– Etter den tonen det var på møtet her, så kan eg faktisk godt forstå at det er harmonisk på møta etterkvart. Dei som hadde andre meiningar vart sabla ned med nettopp desse argumenta: «Vær så god, gjer det betre sjølv», «du kan overta, ingen problem» osv. Eg syns det er eitt dårlig teikn. Det freista ikkje å gå på fleire møte, og iallfall ikkje stilla spørsmål og vera ueinig, skreiv Manger på Facebook-gruppa Venner av norsk landbruk etterpå.

Seinare har Manger skværa opp med tillitsvalde som var tilstades på møtet.

– Vedkommande fekk med seg utsegna mine, og tok kontakt så me fekk reinska opp. Det står det respekt av, seier Manger til Bondevennen.

Bonden har lenge opplevd Tine som vanskeleg å kommunisera med.

– På medlemsmøta blir kritikk møtt med sjølvforsvar, og spørsmål blir feia vekk med arroganse. Det er ikkje slik eit skikkeleg samvirke skal fungere. Stemninga må vere slik at alle vil koma. Grasrota skal også bli høyrt, slår han fast.

Manger saknar at konstruktivt engasjement blir bejubla, same om ytringane er positive eller negative for den eine parten.

– Det viktigaste for samvirka er engasjerte eigarar. Det kan godt hende at det er bønder der ute med svært kloke tankar, men som ikkje gidd å møta opp fordi dei ikkje blir høyrt. Då går me glipp av verdfulle innspel, seier han.

– Når ikkje produsentane fram til styrerommet?

– Jau, eg trur i grunnen det. Men det handlar også om kven som kjem som representant frå styret eller administrasjonen på medlemsmøta. Haldninga er ofte at det er dei på styrerommet som veit best.

Manger har sjølv vore tillitsvald i ein samvirkeorganisasjon, og er klar på kva han ventar av den som fyller rolla.

– Dei tillitsvelde si oppgåve er å vere ute og snakka med produsentane, og formidla oppover. Slik medlemsmøta er no, liknar dei meir på orienteringsmøter, seier han.

– I ei ideell verd, korleis er forholdet mellom eigar og samvirkekonsern?

– Alle produsentar, stor som liten, må kunne ringe styreleiar, og føla seg velkommen på møte. Kontakten med medlemsavdelinga er slik at ingen kvir seg for å ta telefonen for å drøfte noko, og den som svarar har både tid og kunnskap, seier Manger.