HØYR!

– Hald deg til rutinane

27. november 2020

Produsentane er ganske godt drilla på smittevern

– No har pandemien hatt oss i si klamme hand i fleire månadar, og så kjem fugleinfluensaen i tillegg. Det kan nok bli litt mykje for nokon, seier Reidun Teigland Kristiansen i Nortura.

Jane Brit Sande

Smitte av høgpatogen aviær influensa (HPAI) H5N8 er påvist Danmark og Sverige. Norsk Fjørfelag uttrykte sterk uro kring dette, og sa til Nationen at «å få fugleinfluensa til Norge, er mange fjørfebønders store skrekk».

Reidun Teigland Kristiansen, tilførselsleiar fjørfekjøt i Nortura, oppmodar alle produsentar til å pusta med magen.

– Dette er ein sjukdom som kjem utanfrå, og må i tilfelle finna ein veg inn i kylling- eller hønsehuset. Produsentane er ganske godt drilla på smittevern, men i lys av situasjonen nå er det ekstra viktig at alle går gjennom smittevernsrutinane på garden. Sjekk at teorien stemmer med gjennomføringa i praksis, seier ho.

Veterinærinstituttet melde i førre veke at risikoen for smitte til Norge blir vurdert som låg til moderat. Mattilsynet ber om å få beskjed om daude eller svekka viltlevande fugl.

Kristiansen har ikkje fått tilbakemeldingar frå bønder som er engstelege, men trur at det er mange som tenker på fugleinfluensaen.

– No har pandemien hatt oss i si klamme hand i fleire månadar, og så kjem fugleinfluensaen i tillegg. Det kan nok bli litt mykje for nokon, seier Kristiansen.

Ho har følgande oppmodinga til bønder som kjenner at stresset aukar:

– Hald deg til rutinane du har hatt i mange år: Skift sko og klede, og vask og desinfiser hendene dine kvar gong du går inn i driftsbygningen. Dette er enkle tiltak som fungerer utruleg godt, seier Kristiansen.

Ho viser til at næringa sitt årelange arbeid med smitteførebygging gir resultat.

– Salmonella, for eksempel, er ein sjukdom som er «der ute». Norge er, saman med Sverige, i ei særstilling i verda kva gjeld salmonella-status. I Norge finn me salmonella i kyllinghus berre 1-2 gonger i året. Desse kyllingane kjem aldri inn til slakteriet, dei vert avliva og destruert på garden, seier Kristiansen.

Hjå fjørfe gir høgpatogen fugleinfluensa oftast rask død utan teikn til sjukdom på førehand. I nokon tilfelle kan ein sjå luftvegssymptom eller nervøse symptom, som t.d. lammingar eller vanskar med å bevega seg.

– Sjå etter sjukdomsteikn i flokken, slik du alltid gjer. Me oppmodar fjørfeprodusentane til å vere ekstra årvakne, og sjå etter eventuelle teikn til fugleinfluensa. Er det uvanleg høg dødelegheit, skal du melde frå til besetningsveterinær, seier Kristiansen.