MOLDROK

Har de den rette klima-angeren?

Foto: Istock

Hev de den rette angeren, folk? Slik spør Paulus Hove i Arne Garborgs Læraren. For dei med bedehusbakgrunn er klimadebatten til å kjenne att, men for andre er det tid å repetere lutherske grunnsetningar. Den rette angeren gjeld ikkje berre ein tilgjeveleg feil, vi vedgår vårt syndige forderv framfor Gud og (helst òg) vår neste.

Omsett til klimadebatten, kallet til omvending lyder – særleg i protestantiske land. Vi lever i ei endetid, og vi må handle raskt. Her er til og med ei syndefallssoge, nemleg at jordbruket er opphavet til klimakrisa. Om vi ikkje kan utrydde synda utan vidare, kan iallfall eg gjera bot og halda stien min rein: Kjøp økologisk, sei nei til kjøt, bli veganar, eller som det heitte i den gamle klokkarbøna, «betra meg kvar dag i ein heilag livnad». Bot og faste er forsømte dygder. «Med sveitte i andletet skal du eta ditt kjøt.»

Men det er ikkje lett å leva rett. Vi lar kyllingen leva lenger i landet – men dess lenger han lever, dess større CO2-avtrykk får han. Det er tungt å halda seg frå å fly, men med rett «flyskam» kan vi få «förlåtelse från ekosystemet», som ein svensk psykolog nyleg sa i P2 (ho var spesialist i klimaangst). I løynd må vi likevel vedgå: angeren er ikkje alltid så sterk som han skulle, for vi trivst ikkje så lite med synda.

Ikkje misforstå, eg er ingen klimafornektar, knapt nok ein klima-tvilar. Eg er ikkje ein gong ironisk – men dei pietistiske uttrykka her gjer meg skeptisk. Eg har den største vørdnad for Greta Thunbergs «klimapanikk». På hennar alder opplevde eg verda likeeins, vekt opp av radioaktivt nedfall, Rachel Carsons bok Den tause våren om giftene i jordbruket og Georg Borgströms Mat for milliarder, som åtvara om matmangel.

Så har vel min eldhug slokna med åra, så eg ser alt i ettertankens bleike atterskin, som det heiter i Hamlet? Vel, vil eg hevde, ikkje heilt. Den grøne revolusjonen gjorde snart Borgströms domedagsspådomar mindre truverdige. Eit kraftfullt miljøverndepartement tok tak i industrirøyk og reinsa Mjøsa og badebadevatnet på Huk utanfor Oslo. I 1971 hevda Johan Galtung at fordi dei velståande no merka miljøproblema, ville marknaden ordne opp med nye vekstnæringar i reinseteknologi og energisparing. Og han fekk jo godt på veg rett – i vår del av verda? Undergangsstemninga gjekk under, bortsett frå skrekken for atomopprustinga. Vil dei små steg og pågåande miljømedvit òg hjelpe oss gjennom klimakrisa?

For spør vi: Korleis skal vi fø dei ti milkjenner vi endå meir avmakt. For kven er vel det «vi» som kan aksle slikt? Det må vera eit Vi som skal opplyse Folket. Dei ymta om slikt på EAT-lanseringa sist vinter, eit slags «Tryggingsråd for mat», med vide fullmakter, som myndig vaktar maten og miljøet. Svensken Johan Rockström har kalla det dei planetariske grensene. Vi må semjast om ein slags global «handlingsregel» med klare mål for kor langt menneska kan gå, før klimaet og kloden bikkar i hovudet på oss. Om vi respekterer dei planetariske grensene, har vi derimot eit trygt handlingsrom for menneska. Rockström var med på EAT-lanseringa 17. januar, og desse ideane gjennomsyrar EAT-rapporten.

Det gode med den er det alvorlege forsøket på å kople miljø, matforsyning og helse etter ideane til økologen David Tilman. Han har peika på at floken av dei tre best blir løyst opp ved å løyse dei samtidig – i kortform: Et sunt og friskmeld kloden. Middelhavskost gjev klart betre helse og mindre klimaavtrykk. Samtidig kan vi fø fleire. Det kan vi òg om vi lever usunt på chips og cola, men til skade for oss og helsebudsjetta. Så vi treng òg luthersk tukt – iallfall dei som lever i synleg synd.

Naturleg nok blei EAT-dietten diskutert, (men ikkje at den teier om alkohol og kaffi). Mindre kritikk fekk ideen om at det finst eit globalt «matsystem». Det meste av maten blir jo produsert og forbrukt innanlands. Sjølv om ein felles kaloritabell frå EAT kan fyllast av mange slags rettar, kva med matkulturar? Kan vi smette inn raspeballar iallfall ein torsdag i månaden?

Korleis skal vi fø dei ti milliardane? Ved nærare ettertanke: Bortsett frå spedborn og pleiepasientar, klarar jo folk å fø seg sjølve – så sant dei har jord eller kjøpekraft. Det er litt banalt, men kva kostar EAT-dietten? Det er ikkje nemnd. For ikkje å nemne eigedomsrettar til jord, eller kva aktørar som styrer verdsmarknaden med mat?

Her er vi kanskje på sporet av noko berekraftig. I norsk debatt handlar alt om klimamålet, som er nummer 13 av bærekraftmåla FN har sett opp. No tyder ikkje det noka prioritering, men når høyrde vi like høgt om mål nummer 1 (Avskaff fattigdomen) og nummer 2 (Avskaff svolten)? Er det berre slump at dei står øvst? Av dei gule vestane i Frankrike kan vi lære at utan rettferd og kjøpekraft kan ikkje klimamålet heller bli løyst. Dei er økologisk medvitne som «oss», men står dieselavgiftene over «Korleis skal eg fø mine»? Då får vårt «vi» fleire påtrengande spørsmål.

Dei «planetariske grensene» til Rockström er ein av fleire nyttige modellar for å rekne på matproduksjonen i verda. Kvar grensene går for kva som er mogleg, er derimot svært diskutabelt.

Det planetariske medvitet derimot – det er nytt og det kan vi lite på, og Greta Thunberg og andre er unge tidsvitne om det. Ser eg 50 år attende, beundra vi Albert Schweitzers Ærefrykt for livet og at han «ofra seg» som jungeldoktor i det svarte Afrika. Ærefrykta bør vi, uansett livssyn, henta fram att, men no heiter det regnskogen, ikkje «jungelen». I regnskogen bur vi no sjølve – nesten. Ei verd av skilnad! Og det gode med veksten i medvit er at han er både irreversibel og berekraftig.

Åsmund Bjørnstad,
professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. Skriv også bøker og dikt.