HØYR!

– Heilt ekstremt

17. november 2022

Folk har blitt mykje flinkare til å planlegga langsiktig

Tronge tider? Nja, innteninga til FKRA under Agrovisjon tilseier kanskje noko anna. – Heilt ekstremt, meiner marknadssjef Jan Maldal.

Bothild Å. Nordsletten

– 19 000 besøkande, svær FKRA-stand, 26 selte traktorar og 44 millionar kroner i resultat etter tre dagar med Agrovisjon. Kva føler du no, marknadssjef Maldal?

– Ja, nei…det er heilt fantastisk. Dette er langt, langt over forventingane, for å seia det på den maten.

– Det økonomiske resultatet frå dei tre dagane – mykje eller lite?

– Det er heilt ekstremt, synest eg.

– Er du overraska?

– Det er mykje meir enn me hadde venta, ja. Og når me har sett korleis marknaden har vore, så var heile Agrovisjon ei frigjering. Både sosialt og fagleg.

– Når det gjeld sal – i kva grad skil messehelga seg frå tre kvardagar?

– Ei messe er nok ein utløysande faktor for kjøp og sal. Me legg opp til sal, og folk har planlagt kjøp. Det har litt med årstida å gjera: Bøndene byrjar å fa oversikten over korleis dei ligg an økonomisk.

– Det kimte heftig i bjølla som signaliserte sal for over 100 000 kroner på standen. Dét harmonerer vel ikkje heilt med den gjengse oppfatninga av trongare tider, også i jordbruket? Korleis forklarar du det?

– Ja, korleis skal eg forklara det… Eg trur at ein del har sete på gjerdet ein lengre periode, og at messa utløyste ein del kjøp. Folk har vore kjempebekymra, men så ser dei at resultatet ikkje vert så gale, likevel.

– Er det gildare å kjøpa på ei messe enn på vanleg vis?

– Ja, eg trur det!

– Finst det nokre kjenneteikn på dei som kjøpte på messa?

– Det er godt etablerte bønder som har betalt ned ein god del og som vil fornya ein del av driftsapparatet. Folk som ser føre seg å vera med dei neste åra og.

– Kva gjekk det mest av?

– Traktor, bade små og store, heile skalaen. Eg trur det utløysande for eit kjøp no, er at bestillingstida er såpass lang, frå tre til ni månadar. Det har endra handlemønsteret. Som bonde må du vera meir på og tenkja gjennom kva du treng til varen. Det nyttar ikkje å koma da og bestilla varene. Du må ta avgjerda her og no. Og folk har blitt mykje flinkare til å planlegga langsiktig.

– Held det gode salet seg også etter Agrovisjon?

– Det ser godt ut for dette aret. Og me går inn i neste ar med god ordrereserve, for å seia det på den maten.