MI MEINING

Heilt normalt å villa bli bonde

Det er hardt og du tener sikkert litt lite, men eg er ikkje redd for å arbeida.

– Utan bøndene er du så godt som daud, seier Tønnes Hallgrim Skrudland Hetland. 11-åringen kan knapt venta med å finna seg ein gard.

Bothild Å. Nordsletten

– Eg skal bli bonde. Gras- og mjølkebonde, men eg vil òg ha gris, seier Tønnes.

Sjetteklassingen er oppvaksen i eit byggefelt på Bryne på Jæren.

– Eg har vore fascinert av bondeyrket heile livet. Nokre i slekta har gard. Eg har vore med morfar og onkel og hjelpt til på garden på Skrudland, der mor vaks opp. Eg sat med i traktoren då eg var eitt år.

Tønnes minnest ikkje ei enkelt hending som avgjorde yrkesvalet, men:

– Det var veldig gildt då eg fekk prøva gravemaskina til onkel!

Det er ikkje så mange av skulekameratane hans som drøymer om gardslivet.

– Eg kjenner berre éin. Det er veldig sjeldan at nokon vil det, føler eg, …men det er heilt normalt å villa bli bonde, når du bur på Jæren.

– Du tenkjer ikkje på at gardslivet er hardt, dårleg betalt og somme tider farleg?

– Det går jo an å få seg avløysar. Jo, det er hardt og du tener sikkert litt lite, men eg er ikkje redd for å arbeida. Og det er få som døyr i ulukker. Det er sikkert tungt å stå opp tidleg på laurdags morgonane, men har du lyst, så klarar du det.

Trass ung alder har Tønnes alt forstått samfunnsansvaret som kviler på bonden.

– Bøndene er viktige for heile samfunnet. Utan dei er du så godt som daud. Du treng mat. Den gjer seg ikkje sjølv. Bonden må opp tidleg for å gi innbyggjarane i byen mjølk.

– Korleis førebur du karrieren?

– Eg har fått eit dataspel som heiter Farming Simulator. Så prøver eg å vera med slekta så mykje som mogleg, på alt – slått, kalving og fôring. Eg har fått to kalvar som er oppkalt etter meg. Familien er også med i ein andelsgard på Hadland. Det er veldig gildt å få oppleva gardslivet der, grava i jorda, stella grønsaker, luke og laga froskedam.

– Har du tenkt på utdanning?

– Ja. Først skal eg ta arbeidslivsfag på ungdomsskulen. Så arbeidspraksis på vidaregåande. Eg vurderer Øksnevad vgs og vel nok den enklaste matten. Eg likar ikkje matte. Eg er for liten enno, men når eg blir 16 vil eg bli avløysar. Det gler eg meg veldig til!

Tønnes har planen klar for det neste tiåret.

– Eg har ikkje odel. Det er litt dumt, men eg skal prøva å få eit tilbod på ein gard når eg er om lag 20. Helst vil eg ha ein gard på Skrudland eller ein annan stad på Jæren. Ikkje på Austlandet, der har dei berre korn.

– Eg gler meg mest til å mata kyrne og kalvane. Det er det gildaste.