KJØKKENHAGEN

Her er det bare å stappa i seg…

Julesalat: Omnsbakte raudbeter på ei seng av grønkål, toppa med appelsin og valnøtter.

Stas å kunna bruka ferske grønsaker frå kjøkkenhagen i desember! Ja, for mange slag står fine ennå, til trass for at me har hatt fleire netter med minusgrader. Må jo ha grønsaker til julematen! Så mykje godt som kan lagast, ikkje bare kålrabistappe….

Herdige

Tøffaste av dei alle er krusete grønkål og dernest glattblada svartkål. Rosenkål er også svært herdig – i fjor tålte den minus ti grader.
Men også bladbeter (mangold), lilla spisskål «Kalibos», brokkoli, sellerirøter, rødbeter og persille har klart seg. Ei dyne av lauv har nok verna rotgrønsakene litt mot frosten.
Og i garasjen er der ennå att nokre jordeple i ein isporkasse.

Fram for rotmos!

Dei fleste er jo glade i kålrabistappe og potetstappe. Men prøv også desse «stappene»:
Kålrot og gulrot.
Kålrot og knutekål.
Kålrot og omnsbakt graskar (sjå lenger ned).
Sellerirot.
Sellerirot og jordeple.
Sellerirot og blomkål/brokkoli.
Raudbeter, gulrot og jordeple.
Raudbeter og kvite bønner.
Sellerirot og knutekål.
Jordeplestappe med finhakka grønkål.
Her er det bare å eksperimentera og finna ut kva du likar best. Du kan variera i det uendelege.

Kvitkål: Er det ikkje vakkert?

Sellerirot: Godt både i stappe og omsbakt.

Tøff: Kraftig, krusete grønkål.

Stuing og supper

Både grønkål, svartkål og bladbete er godt som stuing (la småkoka med finhakka lauk, fløyte, peppar, salt, muskattnøtt). Desse mørkegrøne blada gjer seg også i betasupper.
Det friskar også opp og gjer ertesuppa endå sunnare om du har i litt bladgrønt. Eg pleier å koka gul ertesuppe på «pinnane» etter pinnakjøtet.
Eller du kan laga ei grøn suppe (påsame måte som du lagar spinatsuppe).

Godt og lettvint

Sellerirøter, raudbeter, poteter og lauk er gode omnsbakte: Skjer i bitar, ha på litt salt, peppar, timian, la steika i omnen til dei er møre. Server med smør eller olivenolje.

Raude og lilla salatar

Lag gjerne ein lun, raud og grøn julesalat av omnsbakte raudbeter på ei seng av lettsteikt grønkål, toppa med appelsinskiver og valnøtter. Appelsinsaft-olivenoljeddressing. Eller du kan blanda omnsbakte raudbeter i bitar med eple, valnøtter og ha på ein yoghurt/rømmedressing.
Den lilla spisskålen «Kalibos» er så mild og søt på smak, at den brukar eg som råkostsalat: Raspar kål, blandar med raspa eple, sitronjuice, hasselnøtter. Bland inn majones om du vil. Lilla adventssalat!

Adventskål: Lilla spisskål «Kalibos».

Gyllen middag og bakst

Inne har eg ennå att fleire graskar som eg tok inn i oktober. Dei er haldbare i vekevis, ja fleire månader, og tek ikkje opp plass i kjøleskapet. Dei skal nemleg ikkje liggja kaldt.
Kva mat eg lagar av graskara? Eg skjer dei opp i båtar (med skal), legg dei på eit steikebrett og bakar dei i omnen til fruktkjøtet er mjukt. Det tek om lag 20 minuttar, kjem an på kva type graskar det er og kor store båtane er.
Så skrapar eg fruktkjøtet av skalet og mosar det. Vil eg laga suppe, er det bare å ha mosen i ei gryte og blanda med kraft (aller best om du koker kraft på bein, men det går også med buljongpulver/terningar), kokosmjølk (eller fløyte om du heller vil det), raspa ingefærrot og gjerne litt muskattnøtt, chili, gurkemeie, peppar og eventuelt salt. La putra 5-10 minuttar. Til slutt blandar du inn litt appelsinjuice.
Det er også godt å skjera omnsbakt graskar i firkantar (då må du ikkje la graskaret stå i omnen til det blir heilt mjukt, det må vera litt fast) og fresa det i panne med smør og krydder, persille eller salvie, hakka grønkål, litt løk og litt sopp. Godt saman med fullkornris eller pastaskruer.

Lettvint: Gylne graskarbitar, saman med hakka grønkål, persille og sopp, frest i panne og blanda med ris.

Dyrking

Både grønkål, svartkål, bladbeter, savoykål, spisskål, brokkoli og raudbeter planta eg ut i juli etter opptak av poteter, løk, knutekål og første runde brokkoli. Dei likar seg bare vel så godt om hausten som midt i steikande sommarsol, og vaks som bare det i august, september og fram til midten av oktober.
Eg planta også ut kvitkål «Brunswick» og fleire spisskål «Kalibos» i starten av august, men dei rakk ikkje å danna skikkelege hovud før det blei for mørkt.
Men minusgrader (rundt 0-3 grader) har dei tolt fint. Og pyntar opp gjer dei!
Spent på om dei overlever vinteren og tek til å veksa vidare når lyset kjem til våren..

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka:
Share This