HØYR!

– Ideell sommar

Foto: Privat

No blir me kjempeglad når det regnar. Slik er det ikkje alltid.

Så langt har potetavlingane vore gode, men dei seinare sortane lir av tørken, seier potetprodusent Enok Aleksander Kvam.

Jane Brit Sande

– Me er ferdige med å ta opp dei tidlege sortane, og det har vore ein fantastisk sesong, seier Enok Aleksander Kvam.

Han er bonde på Sunde i Stavanger, og driv produksjonen av tidlegpotet saman med far sin. Av tidlege sortar, har dei Colomba og Hassel.

– Avlingane har vore gode, og kvaliteten likeså, seier Kvam.

– Er det mykje regn, slik som i juli i fjor, vil mange poteter drukna. Det er på grunn av dårleg drenering eller eit søkk i marka. Slik har det ikkje vore i år, seier han.

Kvam anslår at han har fått mellom fire og seks tonn poteter på målet, ferdig vare, så langt.

– Men på dei aller første potetene, får me ikkje meir enn eitt tonn på målet, seier han.

For enkelte sortar har hausten vore i tørraste laget. Vekevis utan nemneverdig nedbør i august og september, er ikkje kjend kost for bøndene i regionen.

– No blir me kjempeglad når det regnar. Slik er det ikkje alltid, seier Kvam.

Men han ser ikkje mørkt på situasjonen.

– Det har vore ein ideell sommar, med gode tilhøve for både gras, korn og poteter. Dei seinare potetsortane har hatt det vel tørt, særleg dei siste vekene, fortel bonden.

Av seine sortar har dei blant anna Kerrs Pink, Pimpernell og Mandel.

– Me har ikkje tilgang til vatn over alt, men det har gått greitt. Det me har fått av regn har halde liv i potetene, men me merkar godt at det er tørt, seier Kvam.

Tørken gjer at potetene ikkje blir så mykje større.

– Dei seine potetene skulle vore hausteklare no, men dei lir av tørken. Me sprøyter ned no, uansett, seier Kvam.

Etter at potetriset er sprøyta, går det om lag tre veker før potetene er skallfaste og klare for opptak.

– Me kan ikkje dryge det enda lenger ut på hausten, seier Kvam.

Bonden har også gardsutsal, der han blant anna sel grønsaker og poteter frå garden. Potetsalet svingar i takt med vêret.

– Varmare vêr gir dårlegare sal av poteter. Me merkar det i utsalet, og på leveransane til konsum, der det er forseinkingar i leveransane, seier Kvam.

Det er stor variasjon i kva poteter folk vil ha, erfarer bonden.

– I daglegvarebutikkane ser folk ut til å vere mest opptekne av utsjånad, og smak kjem i andre rekkje. Men i gardsbutikken har me ein del kundar av den eldre garde. Dei kan namna på dei ulike sortane, og er svært opptekne av smak, seier Kvam.

Bondens favorittpotet er Cerisa.

– Den er kokefast og saftig, og liknar Mandel i form, seier han.