HØYR!

Ikkje bekymra for Nortura

24. mars 2023

Stoda er alvorleg og det må mange tiltak til for å koma på pluss att.

Nortura sitt 2022-driftsresultat var på minus 212 millionar kroner. – Skuffa, men ikkje bekymra for selskapet, seier Tone Steinsland.

Sjur Håland

Energi- og transportkostnadane i selskapet auka med 500 millionar i fjor. Volum ut av butikk fall med ti prosent grunna svenskehandelen som tok seg opp att etter koronaen. Vidare syner Nortura til ein dårleg grillsommar, sein start av lammesesongen, datainnbrot og sviktande julesal. Tone Steinsland frå Time har hatt sete i konsernstyret sidan 2019.

– Er du bekymra for Nortura?

– Nei, eg er ikkje bekymra for Nortura som selskap, men eg er bekymra over situasjonen selskapet er i, og eg er sjølvsagt skuffa over resultatet. Alt i fjor sommar vart det tydeleg at om kostnadsnivået, og særleg dei høge straumprisane, heldt fram, ville det bli krevjande år for Nortura. Slik vart det.

Steinsland meiner det nå gjeld å leggja skuffelsen bak seg og halda fram med naudsynte endringar i konsernet.

– Då snakkar eg om å kjøra på vidare med dei effektiviseringsprosjekta som alt er i gang. Samstundes må me gjera nokre ekstraordinære tiltak, slik me nyleg gjorde gjennom å leggja ned avdelinga Ytre salg.

Ho seier dialogen med bankforbindelsane til Nortura er god, og at selskapet allereie har gjort ein del grep for å redusere energikostnadane.

– Stoda er alvorleg og det må mange tiltak til for å koma på pluss att.

– Kva er det Nortura ikkje får til?

– Med avgrensa marginar blir me råka av dei store ekstra energikostnadane. Noko er teke ut på pris, men kostnadsauken har likevel gitt eit stort etterslep. Eg er svært nøgd med at det er full merksemd i selskapet om å halda fram med industriplanen. Me kan ikkje effektivisere oss i hel, men at det er ein heil del å gå på når det gjeld anlegg og struktur, er det ikkje tvil om.

Ho seier at reforhandlingsrundar på enkelte leverandøravtalar er i full gang.

– Samla trur eg desse tiltaka vil bidra til å få Nortura dit me ønskjer selskapet skal vera.

– Kva er konsekvensane for eigarane når Nortura går så kraftig i minus?

– Nortura har levert i høve til å halda prisane til bøndene oppe. Eg meiner det har vore heilt nødvendig i lys av korleis kostnadsauken også har råka bøndene.

Det blir inga utbetaling til eigarane dette året.

– Rett og slett for at det ikkje er noko overskot å betala ut. Det er nok dette som er hovudkonsekvensen for eigarane i år.

– Får du kjeft frå dei du representerer i styret?

– Nei, fleire enn meg har blitt overraska over kor stor forståing det er kring situasjonen blant eigarane. Det er bra, for då er det lettare å ta dei grepa som skal til vidare.