HØYR!

Ikkje gardskattane som er problemet

24. november 2023

Start med å fjerna alle heimlause og eigarlause kattar.

– For bøndene er katten først og fremst eit arbeidsdyr, seier Magne Helleland. Han vil ikkje definera gardskatten som ein trugsel mot fuglelivet.

Sjur Håland

– Utfordringane finns nok heller blant heimlause kattar og tette kattepopulasjonar i byggefelta, seier han.

Miljødirektoratet melder om stor nedgang, 45 prosent, i talet på fuglar i det norske kulturlandskapet i åra 2000-2022. Vitenskapskomiteen for mat og drikke slår i ein ny rapport fast at ein stad mellom 690.000 og 870.000 tamkattar her til lands drep mellom 4 og 14 millionar fuglar. Dei konkluderer med at hald av tamkatt gir høg risiko for negative effektar på biologisk mangfald.

– Start med å fjerna alle heimlause og eigarlause kattar, seier Helleland, bonde og vipeentusiast frå Tjelta i Sola kommune.

Så er han klar over at også såkalla villkattar har ein eigenverdi som gjer at ein ikkje utan vidare kan ta dei av dage.

– Det er nok heller snakk om kastrering, sterilisering og omplassering. Slikt er tungvint, men slik har samfunnet blitt. Så då må dette bli ei oppgåve for styresmaktene, seier han.

Han meiner huslause kattar ikkje har andre val enn å forsyne seg med det dei finn av levande føde ute i naturen. Deriblant fuglar. Bonden seier det er stor skil på ein gardskatt og ein byggefeltskatt.

– På gardane har dei einskilde kattane stort areal å boltra seg på, medan det er mykje tettare mellom dyra i eit byggefelt. Ein gardskatt eller to er heilt uproblematisk i den store samanhengen. Han kan sjølvsagt ta vipeungar, men mi erfaring, etter at eg tok viltkamera i bruk, er at det er reven og ikkje katten som er problemet.

Vinteren er ei utsett tid for fuglane, særleg trekkfuglar som tar sjansen på å overvintre sjølv om dei ikkje toler ein hard norsk vinter.

– At kattane tek desse kalde, lidande individa som ikkje har sjans til å greia seg gjennom vinteren, må kanskje vera av det gode. Dette illustrerer at tema er ikkje svart kvitt.

– Men er det likevel for mange kjæledyrkattar i bustadfelta?

– Det må andre uttala seg om. Mitt poeng er at det er ikkje gardskattane som er problemet. Gardskatten er eit arbeidsdyr og ikkje plent eit kjæledyr, meiner Helleland, som driv med storfekjøt- og mjølkeproduksjon.

Sjølv om han har hatt skadedyrfirma på garden i ei årrekkje er husdyrporteføljen nyleg utvida med to kattungar.

– Skadedyrfirma har mista eitt av verktøya sine grunna strengare krav frå styresmaktene. Kontaktpulveret som virkar best mot mus og rotter får dei ikkje lenger bruka.

Er det kraftfôr å finna i fjøset, blir giftblokkene i åtestasjonane nedprioritert av mysene.

– Dermed må pus fanga mus.