HØYR!

Ikkje stritt imot ny kunnskap

Foto: Bente Isefjær/NOAH

Dette handlar ikkje om å fremja vårt syn, men om å reagera på klåre lovbrot.

– Bøndene i Rogaland må ikkje stritta imot når kunnskapen om dyrs behov utviklar seg, seier NOAH-leiar Siri Martinsen. Dyrevernorganisasjonen har meldt 54 svinebønder til politiet for brot på dyrevelferdslova.

Bothild Å. Nordsletten 

Politiet la først vekk alle meldingane, som NOAH fremja etter innsyn i Mattilsynet sine dokument frå tilsynskampanje på slaktegris. NOAH anka, og når Bondevennen snakkar med Siri Martinsen har ho nett fått vite at fleire av sakene vil bli tatt opp att.

– Alle 54 sakene handlar om alvorlege lovbrot, slik me ser det, seier Martinsen.

Feil handtering av sjuke og skadde dyr er berre nokre av forholda NOAH reagerer på.

– Det er viktig at lovbrot med liding til følgje får ein rettsleg reaksjon, for den allmennpreventive verknaden og for å syna at samfunnet tek dyrs liding på alvor.

– Politiet sine ressursar er avgrensa. Bryr ikkje NOAH seg om det?

– Jo, absolutt. Og ressursane bør blant anna brukast på å rettsforfølgja lidingar for dyr som er følgje av brot på regelverket. Det er svært viktig at me får auka rettspraksis både på alvorlege og moderat alvorlege brot på dyrevelferdslova, samt at politiet får meir erfaring med å forfølgja desse. At slike lovbrot går ut over tenkjande, følande skapningar, er meir alvorleg enn øydelegging av ting, seier Martinsen.

– De har ikkje tillit til Mattilsynet og dyrepolitiet?

– Jo, og nettopp difor har me meldt desse sakene, fordi me har tru på at det nyetablerte dyrepolitiet tar dette alvorleg. Når det gjeld Mattilsynet handlar det ikkje om ikkje å tru på dei. Dei har sjølv sagt at dei truleg melder for få saker. NOAH vil at dei skal involvera politiet i fleire saker. Samhandlinga har byrja å bli betre.

– I kva grad prøver NOAH å koma i dialog med bøndene for å fremja synet dykkar?

– Dette handlar ikkje om å fremja vårt syn, men om å reagera på klare lovbrot. Me kan godt vera i dialog om både dyrs rettar og framtidsretta landbruk, men her dreier det seg om at det er rett å gi ein rettsleg reaksjon på lovbrot som har ført til dyrs liding.

At frustrasjonen er stor blant bøndene som har blitt meldt, tek Martinsen med fatning.

– Det er også stor frustrasjon blant folk som er opptatt av dyrs rettar og velferd når dei ser at denne typen dyrehald føregår utan rettsleg konsekvens, seier ho.

Om nokon reagerer mot at NOAH påpeiker alvoret, og ikkje mot sjølve lovbrota, seier det mest om dei som reagerer slik, meiner Martinsen.

NOAH-leiaren har ei oppmoding til rogalandsbonden.

– Innsjå at kunnskapen om dyrs behov stadig utviklar seg. Det er viktig at me tar denne kunnskapen imot, og ikkje strittar imot.