HØYR!

Ikkje uroa for lausdriftskravet

9. desember 2022

Det kjem ikkje til å vera god nok inntening for dei mindre bruka til å ta den nye teknologien i bruk.

Landbruksøkonom Andreas Lundegård er ikkje bekymra for lausdriftskravet i det heile. – Det vil teknologien ta seg av, seier han.

Sjur Håland

Uttalen kom frå Andreas Lundegaard, fagansvarleg landbruksøkonomi i Tveit Regnskap AS, på Rogaland Bondelag sitt leiarmøte nyleg. Bondevennen ber om ei forklaring.

– He, he. Nei, eg var kanskje litt flåsete. Men eg står for det eg sa.

– I følgje Norges Bondelag var det i 2021 4000 båsfjøs med mjølkeproduksjon i Norge. I løpet av dei neste 12 åra skal bønder som vil vera med vidare, ha bygd om til lausdrift.

– Grunntanken min er at teknologien som nå er tilgjengeleg er noko bøndene sjølv vil ha og treng, forklarer Lundegård.

– Om me ser korleis det var for 12 år sidan, har det vore ei rivande utvikling fram til i dag. Tida går eigentleg i frå båsfjøsa som ikkje får del i den nye teknologien på same måten som i dei nyare fjøsa med mjølkerobot. Båsfjøsa si tid vil vere over når dei neste 12 åra har passert, for å seia det på den måten.

Dei som bygger og tek ny teknologi i bruk er ikkje bønder i 60-års alderen, men ungdommar som vil ha det som andre folk, ifølgje økonomen.

– Dei nye generasjonane mjølkeprodusentar vil ha fleksibilitet og kunna følgja ungane på trening klokka 17. Fridomen for framtidas bønder ligg i teknologien. Hugs at dei unge bøndene har vakse opp med dataspel og –teknologi. Dei har det innebygd. Klart at dei vil bruka dette også når dei blir bønder.

– Mange av bøndene som driv i båsfjøs i dag, har mindre besetningar. Korleis skal desse få del i den nye teknologien?

– Det er det som er problemet. Det kjem ikkje til å vera god nok inntening for dei mindre bruka til å ta den nye teknologien i bruk. Det er brutalt å seia det, men eg trur dessverre at ikkje ein gong ein kvote på 150.000 liter vil vera nok for å gjera det lønsamt å investere i lausdrift og ny teknologi. Skal du bygga nytt, er det mest realistiske nivået for å greia det, ei besetning på minst 30-40 kyr, trur Lundegård.

Han seier at risikoviljen har endra seg dei siste åra.

– Blant årsakene til at det har gått bra for dei fleste fram til no, er at dei unge bøndene har overteke gardane frå sine foreldre til kanskje 70 prosent av takstverdien på garden. Desse greier å skaffa seg litt ekstra kvote, tilleggsjord og bygga ein ny driftsbygning.

Han seier auka avkastning på investert kapital i mjølkeproduksjonen må koma på plass.

– Elles vil også desse bøndene møta veggen når neste investering tvingar seg fram om nokre år.